- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
18

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

han. Men trudde Presten, at det kunde vera Raad, at
Guten kunde ...koma so langt fram ? — Ja;
Kapellanen trudde han kunde koma langt fram. Han vart
sistpaa trøytt av alle desse aandlause Motlegg og
Tvils-maal hjaa denne Bonden; han sagde han totte ikkje Ole
Johannes burde setja seg imot dette, naar han so tydeleg
saag det var Guds Vilje; han skulde tenkje Vaarherre
kannhende hadde større Tankar med Guten enn han
kunde forstaa. Daa Ole Johannes høyrde dette, gav han
seg. Tilbode var no og so godt, at i Grunnen kunde ein
ikkje bjode det av. So gjekk Ole Johannes heim baade
byrg og uroleg yvi det som i Dag var avgjort. Men
Kapellanen var glad som ein Landvinnar. Det skulde bli
eit herlegt Arbeid aa faa saa og plante i slik ei
naturfrisk Barnesjæl.

Daniel var som ør av Glede. Han gjekk og lo ein heil
Dag. At slikt kunde hende! At han, som berre var ein
stakkars Bondegut, kunde hava slik ei Lykke! Aa Gud
velsigne den Presten Hirsch; han vilde aldri gløyme
Presten Hirsch dette; nei aldri. —

Ein Dag ut i Viko rusla gamle Ole Johannes paa
Bygdi og laante seg nokre Dalar, som skulde vera til
Bøkar. Det var som heile Huse kom i Høgtidslag. Men
ute paa Bygdi tala dei no med Forundring, og helst med
Fliring, um denne Sørbrautguten, som heldt seg so gjæv
at han vilde bli Prest.

H.

Var Kapellan Hirsch glad for han hadde raaka paa
ei bundi Kraft, so var han ikkje mindre glad for at han
skulde faa prøve sin nye Metode.

For den visste han var god. Det var den naturlege.
Den, som alle Meistrar i Uppfostringskunsti hadde
bruka. Han vilde ikkje plugge Guten full av Bokstavar;

18

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0020.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free