Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Dess meir fortalde han um vaare gamle Fedrar. Og
serleg lagde han ut um Trui aat desse Fedrane. Fram
steig dei for Daniel i lysande Rad, desse høge «Åser»,
som han aldri fyrr hadde visst var til; Gud etter Gud
kom dei straalande, fyrst tri i Tale, sidan tolv, og
«Aa-synjerne» med, store og fagre, med lysande Haar, med
Gulltaarir, med Aasyn ljose som Dag-Randi, med Augo
so klaare som dei bleike Stjernur. Og Odin sat høg i
Hlidskjalv med sine Ramnar; han saag ut-yvi Verdi og
visste alt. Men Thor rulla rundt ikring alle Himlar og
slog Jøtnane i Stein med Hamaren sin. Balder var den
milde Ljosguden som skifte rett millom alle, men laut
døy for Lokes List og fara til Hel; Frøy var Gud for
gode Aar og ein veldig Herre, men gav burt sitt gode
Sverd av Elsk til ei Gygr. Daniel hadde aldri høyrt
slikt; han sat og lydde, so han gløymde baade det tyske
og alt anna; han stirde paa Læraren sin med Augo
so blide og trufaste som Augo paa eit Barn eller ein
Hund.
Det var eit Par forunderlege Augo, tenkte Kapellanen.
Dei hadde noko ved seg som han lengi ikkje fann Ord
for; men endeleg forstod han det: dei viste slik ei Gaa ve
til aa tru. Men var det ikkje netupp den Gaava Tidi
trong um? Staalsliti og sjuk laag ho og geispa etter
Tru som Fisken paa Land etter Luft; gjenom alle sine
Dikt skreik ho etter Vilje og Tru; den, som skulde
kunna frelse no, maatte vera Mannen med Barnetrui.
Og den hadde Bonden. Vaarherre hadde stelt det so godt
for dette Lande, at naar Trui dovna av i dei øvre Lag,
so kunde dei nedre Lag stige fram og frelse; det var
dette som fyrst og fremst gjorde Bonden til vaar
Framtidsvon. Alle store Gaavur nytta lite utan den sterke,
hugheile Trui; men med den skulde Bonden, rik paa
Kraft som han elles var, byggje det nye Norig.
20
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>