Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
han vilde lære han Livsvisdom. Dyrke hans Hjarteliv
som hans Tankeliv; lære ’n aa kjenne og elske Aand.
Ei frisk Naturkraft soleis fostra, den maatte vekse seg
fram til noko ut-ifraa.
Daniel kom til Presten i glade og urolege Tankar. Han
venta seg Leksur so lange som Kyrkjevegen, og ei
Ut-spyrjing so streng som paa Domedag. Men so fekk han
høyre at dei ikkje skulde bry seg med Leksur. Og i
Staden for aa spyrja sette Kapellanen seg til aa fortelja.
Han ikkje so mykje som bad Daniel «høyra vel etter»
dessmeir, so han kunde «hugse det til næste Gong».
Daniel undrast med seg. Kunde slikt bera fram til
Lærdom og Eksamen?
Naa; Kapellanen skyna vel det best, han. Kapellanen
visste nok kva han gjorde. Det var kannhende paa den
Maaten dei tok det, desse fine; dei brydde seg vel ikkje
um aa træle med Leksur og slikt dei.
Men daa Kapellanen ein Dag fortalde han, at den
Maaten dei her bruka ikkje var den vanlege
Latin-skulemaaten, vart Daniel uroleg. Han stirde med store
Augo paa denne Mannen som vaaga aa bruka ein eigin
Skikk og trudde seg klokare enn baade Bispar og
Provs-tar. I Grunnen vilde Daniel helst havt det som ein
vanleg Latinskulegut. Og han hadde kjent seg tryggare, um
han hadde visst dei gjekk fram paa den fyriskrivne
Maaten. Men ein kunde ikkje segja slikt til Kapellanen.
Han slo seg til Ro og saag paa Læraren sin med Augo
som sa: du veit det best; gjer med meg som du synest.
Det var Sogo Kapellanen i dei fyste Timane dreiv paa
med. Daniel hadde kvar Gong den tyske Maallæra med
seg, og lagde ho paa Borde framfyre seg som ei tagall
Bøn; for so lengi han ikkje kunde Tysk, var han ikkje
klokare enn andre Bøndar. Men Kapellanen lét det tyske
liggje.
19
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>