Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Den Skatt av store, vekkjande Tankar som me aatte
i vaar «nordiske Skjaldskap» var so rik, at naar me rett
eigna den til oss, so kunde me hjelpe oss utan Laan fraa
Tyskland eller Rom. Og daa Kapellanen tok til aa
gje-nomgaa «Skjaldar» med Guten, vart der Aand nok. Mest
dreiv dei paa med Sogu-Diktning. Slike som Holberg og
Wessel vart lett yvifarne, endaa Kapellanen roste deim
sterkt; dess djupare grov dei seg ned i Øhlenschlæger
og Grundtvig. Daniel som fyrr ikkje hadde lesi anna
enn Bønir, Preikur og Olger Danskes Krønike, vart
forundra; kunde beintfram Folk skrive so djupe Ting?
Men han fekk vita at Skaldane var ikkje beintfram Folk.
Dei var inspirera. Og det totte Daniel var rimelegt.
Sidan las dei nyare norske Diktarar; den aandfullaste
av desse var Bjørnson. Men daa dei kom til
Folke-Eventyri og Folkesegnine, lika Daniel seg best. Her fekk
Kapellanen inn so mykje Aand, at heile Verdi tok til aa
livne; Fjelli stod og tenkte; Skogen fortalde Eventyr;
Havet sukka i lange Dyningar og song um uendelege
Ting; langt uppi Lidom gjekk Huldri og lét paa Lur;
Tussefolke heldt Dans i Haugar og Hamrar; under
Fossen sat Grimen og spela so allting grét; ute paa det
bleike, maaneljose Have laag Havfruva den fagre og
lokka og song, so Sjøgutane fekk Hjarte-Ilt av Elskhug.
Det maatte vera underlegt aa vera Skald, so ein kunde
faa høyre slikt!
Etterkvart fekk Daniel inn heile den draumrike
Visdom som Læraren hans livde paa.
Dst stod ikkje godt til i Lande i desse Tidir. Folke
sov; Folke laag i Dvale; Trollham var kasta paa det;
det var komi ned i noko vondt og fælt som Kapellanen
kalla Materialisme; visste ikkje lenger um Aand. Og so
lengi so var, kunde ingin «Pintse-Vind» blaase Liv i dei
daude Bein ut-yvi Lande.
22
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>