- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
23

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Synkvervt og ørt gjekk Folke og grov i Moldi og
tenkte paa den stakkars Maten. Ikkje ein Draum hadde
det um kva sant Menneskjeliv var. Inkje høgare
Hug-maal; inkje Sans eller Syn for det som var stort og høgt
og ædelt paa Jordi; berre denne Trælesut for det som
gav i Gryta og fyllte i Pungen, denne trongsynte Tanken
paa det «nyttige»; Kapellanen frynte helst, naar han
nemnde det Orde. Aandlaust Matstræv laag som ei
Vaa-bøn yvi Lande; det gjorde Folk til Trælar, til Dyr;
Folke laag som trollbundi, som trollsmurt under denne
Loke-Magt. Det galdt aa ringje Folke ut or Berge;
Nordmanna-Anden fraa Fedra-Tidi maatte upp;
Stor-daad, Sogu, Song maatte vakne til nytt Liv. Og gjenom
alt maatte den sterke apostoliske Kristentru gløde som
den avlande Livskraft, so at Salmen og Folkevisa, Sogo
og Trui, det gudelege og det folkelege, kunde klinge
saman heilt og fullt; daa vilde Aandi paa nytt slaa ut
sine Vengir; daa vilde Norig vera atterfødt.

Daniel totte han forstod dette. Var det ikkje det same
som han sjølv hadde tenkt, um han ikkje hadde sét det
so klaart eller funni slike Ord for det? Han kjende seg
reint glad. Aldri hadde han sét paa Læraren sin med
blidare Augo; og aldri hadde Læraren vori vissare paa,
at det i Læreguten hans glødde ein heilag Eld, som
ein Gong vilde slaa ut i Song eller Daad til Glede for
Lande.

— Det gjekk eit halvt Aars Tid; daa kunde ikkje
Kapellanen drygje lenger med det tyske. Men det vilde
han ikkje heller taka paa den aandlause
Latinskule-maaten. Latinskulen var i det heile eit syrgjelegt Hol,
lét han um. Det var ikkje ein Skule for Ungdom; det
var ein Skule for Kaldklokskap og Aandsfiendskap.
Difor saag me daa og, dessverre, at so mange av vaare
Embættsmennar var paa Matstrævarsida i den store

23

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0025.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free