Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
staa fyrst i Setningen, og so kunde Subjekte koma midt
ned paa Blade ein Stad; og stundom var det ikkje
noko Subjekt! Han hadde aldri set slikt. Og so
Gram-matiken. For her maatte han lesa Grammatik. Det
nytta kje med Metoden; faa Aand inn i Aandløysa var
vonlaust, som Kapellanen sa. Det galdt aa lesa med Vit;
Daniel maatte ikkje pugglesa. Men «sjaa paa»
Gram-matiken maatte han, og det baade stødt og stendigt.
Og fæl saag den latinske Grammatiken ut. Fire
Deklinasjonar! Seks Kasus! Og tvo-tri Undantak fraa kvar
Regel; og Undantak fraa kvart Undantak att; og so
burtetter i Endeløysa! Daniel saag seg mest yvigjevin.
Ikkje var der noko vidare Aand i det dei skulde lesa
heller. Daniel hadde venta sig djupe Tankar og høge
Synir og vedunderlege Sogur av eit reint nytt Slag, og
so fekk han ei vanleg turr Kvardagsskildring av nokre
Smaakrigar og Slag millom Romværingar og Villmennar
upp i Gallia. Var det nokon Ting ? Daniel hadde lesi
mykje gildare Krigsskildringar i «Almuevennen».
So vart det stort Stræv og litin Framgang med
Latinen. Men Kapellanen brydde seg ikkje so mykje um
dette. At den naturfriske Bondeguten greidde seg klent
i Latin var i Grunnen berre eit Merke paa, kor sterkt
det romerske Lage bar heile vaar nordiske Aand imot.
Og han trøysta Daniel med, at han lærde alltid nok
Latin til aa faa Artium med. Det var ikkje verdt aa
kaste burt for mykje av sin Ungdom paa noko som ikkje
styrkte, men snarare kvakla burt vaar nordiske Aand.
Det laut i det heile gaa som det kunde med baade
eit og anna i denne fyrste Tidi. Det Daniel lærde mest
av var Sogu. Kapellanen fortalde godt; og Daniel fylgde
med. Det var lett, dette, og greidt aa hugse; og gløymde
han noko, var det berre aa sjaa etter i Boki.
Og so lærde han aa drøyme. Han drøymde um Huldri
26
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>