- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
25

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

paa Daniel, vart han varm, og ei forunderleg søt og
uroleg Kjensle gjekk gjenom Bringa. Daniel drøymde
ofte om dei Augo; og naar Kapellanen fortalde um
Ydun eller Frøya, so hugsa Daniel alltid paa Inga. Han
tenkte so smaatt, og vart blodraud ved Tanken, at
kanskje elska han Inga Holm? —

Um ei Stund laut dei til med Latinen. Det var ikkje
etter Metoden; men det fall seg so at Kapellanen laut
drive paa.

Daniel var stolt. Han visste det var Latinen som
skiide millom Lærde og Ulærde; Latinen var den tronge
Vegen som førde fraa Kvardags-Stimen til
Aands-himilen; ingin vart Stormann som ikkje kunde Latin;
og no skulde han faa lære Latin.

Vyrdsamt tok han næste Dag Cæsars BeUum Gallicum
under Armen og strauk til Kapellangarden.

Men daa han kom dit, fekk han høy re, at det gamle
Romarfolke hadde vori eit Røvarfolk; den romerske
Bok-avlen var ei aandlaus Herming etter den græske; det
var unaturlegt og meiningslaust for oss Nordbuar aa
lesa Latin. Dette kunde Daniel ikkje skyna. Naar
Kapellanen sagde det, so laut det vera sant; men han
fekk venta med aa forstaa det til dess han vart eldre.

Det varde likevel ikkje lengi fyrr han kom etter at
Kapellanen hadde havt Rett. Latinen var i alle Maatar so
reint motsett alt det som me brüka, so heilt paa tvert av
vaar Tenkjemaate, at ein aldri skulde sjaa slikt. For det
fyrste var Ordi urimelege. At eit Land skulde heita
terra eller ein By urbs, der var ikkje likt til nokon Ting.
Her nytta det ikkje aa gisse seg fram; kvart einaste Ord
laut ein beint fram lære. Men endaa galnare var det
med Setningane. Dei var so ihopvovne, og Ordi var
slengde um kvarandre paa ein so vill Maate, at det var
mest Uraad aa faa Skil paa deim att. Prædikate kunde

25

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0027.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free