- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
28

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

naar Guten kom med «fine Fimur». Han vilde
kann-hende vera Storkar alt? — det skulde ikkje stor Grisen
til, fyrr han slog Krull paa Rova! Kvar Dag i Skule
med kvit Krage paa Halsen, og so uppkjemd og
upp-strokin som han ikkje skulde vera den han var; og tok
han si Hand i aldri so lite Arbeid, so skulde han straks
ut i Kjøken og vaske seg! Jau, jau. Det skulde sjaa ut
paa Bondebygdi, dersom me vilde gje’ oss til aa gaa slik
og vassle.

Daniel vart arg, naar han høyrde sovori; svara
stundom. Ein Gong i Skümingi kom han inn og fann
Stogo full av ein Os som ikkje var god. Det hadde rignt
um Dagen, og Omnen hekk full av vaate Klæde, som
eima av beste Magt; hu, sagde Daniel og pusta og blés;
so gjekk han burt aat Glase og vilde hava det upp,
endaa det ruska og smaarignde ute. Han gav seg til aa
banke og braake med Vindauga; for det var ikkje av
deim som gjekk lett. Og han visste ikkje anna enn han
var aaleine inne. Men burti den store Umhengs-Sengi
laag Gamlingen og saag og høyrde paa alt; og det tok
til aa koke i han. «He, kaslag æ dæ du gjere?» kvesste
han i. Daniel kvakk, men tok seg att; sagde at han
berre vilde ha upp Glase; her var so kjøvi inne. Ole
Johannes tagde lite; det koka i han, han vilde gjerne
finne eit Ord, som kunde bite eit Grand. «Jaso. Det skal
vel... vera fint det, kann eg vita ?» sa han. Daniel
vart arg og svara at anten det var fint eller ikkje, so
vilde han ha frisk Luft! Gamlingen dirra av Sinne der
han laag. «Høh, berre høyr! Kanskje du trur eg vil ha
Ruskvére og den kalde Vinden inn i Sengi til meg, naar
eg skal sova?» — «Skal du sova, hev du endaa mindre
godt av aa liggje i denne Osen,» svara Daniel; han tok
til aa banke paa Glase att, men ikkje so sterkt. Likevel
gjekk det upp; dermed lét han det staa paa Glytt og

28

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0030.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free