Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
tok tilbeins ut; men Gamlingen laag og koka burti Sengi.
Og so tok Vinden Glase og slog det heilt upp. Skjelvande
krabba Gamlen seg upp og burt til Vindauga; han slog
det att med ein rasande Smell, som Daniel maatte høyre
so sant han var i Huse.
Etter den dagen gjekk Ole Johannes lengi og berre
mur-tagde. Men for Mari slog han paa, at Daniel visst
ikkje hadde godt av all denne Lærdomen han fekk. Mari
forstod Meiningi og gjekk strakst til Daniel. Ho bad
han hugse paa, kva denne Skulegonga kosta Far hans.
Det var ikkje aa undrast paa um den gamle Mannen
vart eit Grand saar paa det; Pengane skulde h a n ut
med; og saag han so, at han fekk lite Takk au —. Aa,
desse Pengane, rengde Daniel. Var det elles noko Pengar
aa røde um enno? Las ikkje Kapellanen fritt kanskje?
Han brydde seg nok ikkje so mykje um Pengane, han.
Til dette svara Mari, at ein kunde daa vel ikkje for
Skam Skuld lata Kapellanen stræve for reint inkjevetta.
Ein laut alltid sende han ein Kjøtf jording eller ein
Smør-ambar so daa og daa; og so laut ein ofre lite raust paa
dei store Høgtidine; paa same Maaten var det med
Klokkaren; so naar alt vart ihoplagt, og dertil det
Daniel sjølv maatte hava, so vart det Pengar av
likevel. Ole Johannes hadde so-menn i det siste Aare laant
ikkje so lite. Daniel kjende seg som djupt nede i ei Myr.
Berre Matrekningar og Mat-Tankar; Smaaskap,
Armodsdom heilt igjenom. Han gjekk ut. Han maatte hava
Luft. Kor skulde ein gjera av seg.
Men sidan torde han ikkje anna enn vera snild Gut.
Han lempa seg etter Husens Skikk og gjekk Far sin
under Augo so fint han kunde. Ole Johannes smaamylte
med seg. Det hev du godt av, Far min! tenkte han;
det er ikkje verdt du vert Storkar for snart! Men Daniel
lika ille paa Leiken. Han vart mest hatig paa denne
29
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>