Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
av di han ein annan Stad kunde faa nokre Dalar meir i
Aarsløn. Men Orde vart vissare og vissare; sistpaa
spurdest det at Kapellanen hadde fengi Kall.
Daa vart Daniel huglaus. Alle Utsynir stengde seg,
totte han; alle Vonir vingla vengskotne mot Jordi. Han
hadde stundom drøymt at han vart nedgravin livande;
no totte han det var som den Draumen vart sann. Han
forstod ikkje dette. Var det forsvarlegt aa lyfte ei Sjæl
so høgt, og so sleppe henne ned-i Moldi att? —
— Kjærasten til Kapellan Hirsch heitte Frøken Rud,
sagde dei, og var Dotter av ein rik Storbonde burtpaa
Austlande. Frampaa Fyrisümaren skulde Kapellanen der
burt og gifte seg; og so skulde han hit att og gjera seg
ferdug til aa flytja.
Den siste Skuletimen kom Vonom fyrr. Det var so
det visna i Daniel, daa han skyna det var Aalvor. «Men
du skal ikkje vera modlaus for det,» sa Kapellanen; «eg
skal nok stelle det so at du kan faa halde fram med
Lesingi paa einkvar Maaten.» Daa ljosna Daniel.
Kapellanen saag det og smilte. «Du tenkte kanskje eg vilde
narre deg du?» sagde han. «Nei-nei-nei,» stota Guten.
Daa Kapellanen kom heimatt fraa Kristiania um
Sumaren, fylgde Kandidat Massmann, Son aat Presten,
med han. Massmann var ferdug med Studeringane no,
og skulde liggje heime og kvile seg til dess han fekk
Embætte.
Kandidaten var ein roleg, faamælt Kar, bleik av
And-lit og svært aalvorsam. Folk kunde ikkje faa Greide
paa denne Fyren; for han studera korkje til Prest eller
Doktar eller Sakførar. Det einaste dei visste var, at han
hadde lesi «fælt mykje Spraak», og at han skulde vera
«fælt lærd». Det vart til det at Daniel skulde faa gaa
i Skule hjaa Kandidat Massmann utyvi Sumaren og
Hausten.
31
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>