- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
32

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Daniel var ikkje svært glad i dette: for han var rædd
Kandidat Massmann. Dertil var han rædd Prestegarden.
Han mintest kor fint og liksom høgtidsamt det var der,
og hadde ein heilag Age for gamle Presten. Men
dessutan tenkte han paa Prestebikkja, som han hadde endaa
meir Age for. Likevel gjekk han, og laut takke til, at
han fekk gaa. Framum Bikkja slapp han med heilt
Skinn; like eins slapp han godt og vel framum Presten.
So kom han til Kandidaten, som sat bleik og roleg i
ein Ruggestol med ei Bok og ei Pipe og røykte.

Daniel liksom bukka og var raud og rædd. Kandidaten
stirde paa han med isblaae Augo gjenom kalde blanke
Brilleglas: «Naa, det er Daniel?» — Ja, det var daa
det. — «Godt; sit hit,» sa Kandidaten og peika paa ein
Stol. Daniel fram; og ned paa Stolen. So vart han
ut-spurd. Kva han hadde lesi? Han svara so godt han
kunde; men var heile Tidi uroleg og ille ved; han kunde
ikkje skyna, um Kandidaten var fornøgd med Svari hans
eller ei. So kom Latinprøva. Daniel ynskte seg langt ned
i Jordi og tok til aa sveite der han sat. «Altsaa, 2den
Bog. Slaa opp ... slaa opp ... slaa opp 18de Kapitel. Du
har vel læst 18de Kapitel?» — Ja, Daniel trudde det.
Men det var visst svært lengi sidan. Med dirrande,
sveite Hendar slo han Stykke upp. «Godt. Læs!» —
Daniel las. «Loci natura erat hæc, quern locum nostri
castris delegerant.» — «Godt. Oversæt!» — Daniel
visste, at han ikkje kunde umsetja. Han hugsa ikkje
eit Ord. Likevæl freista han liksom. Men han kom ingin
Veg. Sat berre og stræva og stunde; arbeidde med
Hendar og Føtar; med heile Kroppen; men stod fast som
for ein Mur. Det var fælt leidt. Kva maatte ikkje
Kandidaten tenkje? «Naa,» sagde denne, «Subjekte er —?»
Daniel gissa. «Natura,» sagde han. Men daa Kandidaten
ikkje sagde ja, trudde han det var gali og retta: «Nei!

32

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0034.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free