- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
34

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Kandidaten, so skulde den lærde Mannen faa andre
Tankar um Daniel. Han mest sprang heim. Og tok paa
Leksa med same. Var heiltupp glad i Leksa; tenkte med
Fysnad paa, at han endeleg skulde faa lære denne
Grammatiken, som alltid hadde set han so vonlaus ut.
Han skulde bli som ein Latinskulegut til aa kjenne sin
Madvig!

Han gav seg til aa stormlesa. Las og las, til dei tvo
Deklinasjonane gjekk som ein Dans. Daa han kom til
Kandidaten næste Gongen, var han ikkje rædd; Leksa si
kunde han. Og det gjekk godt. Han kom heim att reint
byrg; han hadde vunni! Grammatiken var visst ikkje
so aandlaus som han hadde tenkt. Med ein Gong slengde
han sine Draumar um Huldri og Fossekallen; no vilde
han verte lærd. Lærd og aalvorsam som Kandidaten.

Hadde det berre ikkje vori den Prestebikkja! Men
den øydde so tidt hans unge Mod. Kvar Gong han skulde
inn eller ut kom dette store svarte Beiste luskande med
sine raude kokte Augo og gjekk og snusa paa han
liksom han var ein Spikeknok. Og Beiste var ikkje aa
skjemte med. Det gjekk Segnir i Bygdi um fleire som
hadde vori ille ute for denne Bikkja; ein Husmann som
var komin til Prestegarden seint um Kvelden, og som
dei trudde vilde ha stoli, hadde ho biti eit Stykke or
Leggen paa. Fleire hadde klaga for Presten yvi dette
Dyre; men Presten svara alltid, at Apollo beit ikkje
skikkelegt Folk. Men eingong hadde ho teki paa ein
Mann som kom til Prestegarden og skulde betala
Offer-skjeppa. Stakkaren hadde stadi paa Skuldlista lengi, og
Presten hadde vori paa han fleire Gonger etter denne
Of fersk jeppa, baade med Kyrkja og andre Stadir; no
skulde daa Mannen endeleg gjera vel og betala. Han
hadde endaa selt ei Ku til aa greide denne Offerskjeppa,
og ein Bank. Ja; i Banken vart han av med Pengane

34

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0036.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free