- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
35

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

sine utan Vande. Men daa han kom til Prestegarden
fekk han Prestebikkja paa seg, so han laut røme det
beste han hadde lært, og fekk Broki si sundflengd
attpaa.

Daa hadde Presten vorti vond og sett Bikkja i Band.
Men Bikkja lika seg ikkje i Bande. Ho stod og ylte og
peip all Dagen; Presten heldt ikkje ut aa høyre paa det.
Det var «ukristeligt Dyrplageri», sagde han sistpaa, og
løyste Bikkja. Sidan gjekk Beiste som fyrr; og den som
kom til Prestegarden fekk greide seg sjølv som han best
kunde; det som hjelpte var, at Bikkja aldri beit
«skikke-legt Folk». Men Daniel var rædd likevel. Kven som var
skikkelegt Folk for slik ei Bikkje kunde ein vel aldri
vera stød paa.

Det jamna seg etterkvart som Apollo vart kjend med
Daniel; denne kunde sistpaa gaa ut og inn i Prestegarden
som han vilde. Og det var ikkje fritt han var byrg av
at Prestebikkja hadde teki han upp i den Adelen av
skikkelegt Folk, som ho aldri gjorde noko; ho visste
nok aa velja sine Folk, Prestebikkja!

Underlegt nok lika ikkje Kandidaten denne Hunden.
Lika ikkje Hundar i det heile. Det var ein raa Skikk,
sagde han, ei Leiving fraa ei Villmannstid, aa halde slike
tamde eller halvtamde Vargar gangande i Gardane til
aa skræme Helsa av nervøse Medkristne; og minst
skulde ein vente slik Villmannskap paa ein Prestegard.
Men Gamlepresten berre knurra; han brydde seg ikkje
um slike «moderne Ideer», sagde han.

I Slaatten maatte Daniel vera heime. Men ut paa
Hausten tok dei til att; og det gjekk godt. Daniel lika
seg; han kjende at han lærde noko. Og Kandidaten
var ein drivande Lærar som arbeidde med Lyst. Men
som alt gjekk paa det beste, kom Apollo i Vegen.

Det var «Lesetime» hjaa Kandidaten; Daniel sat midt

35

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0037.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free