- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
42

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

likso blaut som heime. Dei kvite husi stod skitne og
görute av Kolrøyk og Væte og var ikkje det Grand
paradisiske.

Ein annan Ting var Daniel ikkje mindre leid for:
By-klædi hans var ikkje som dei skulde vera. Naar han
kom i Lag med dei andre Gutane, saag han sjølv at han
var Bondetamp. Seint og vrangt gjekk det med aa skifte
Maal au. Det kom seg av, at han budde hjaa Hans
Nerstad. Han hadde det elles godt der; Maten fekk han
vel stelt; og naar han ikkje las, kunde han vera ned-i
den logne, stille Stogo, der Kona sat og sauma heile
Ettermiddagen; eller han kunde gaa ned i Krambui og
høyre paa Bykjeringane, som var innum og handla for
1 i Saape og V2 i Stivelse og fortalde Bynytt, eller paa
Bøndane, som kom inn fraa Lande med Jordeple og
Smør og tok Kaffe og Tobakk i Staden.

Men Hans Nerstad hadde vori Bonde. Han hadde aatt
ein god og nokolunde stor Gard, som Far hans hadde
arbeidt upp; og han hadde ervt Pengar attpaa. Men
dette Velstande gjorde at Hans Nerstad ikkje vilde vera
Bonde lenger. Det var lettare og gildare aa liva i Byen;
so selde han Garden sin og vart Bymann; sette seg til
med ein litin Høkerhandel der. I den myrke Kjellaren
sin sat han daa Aar etter Aar og selde Sild og Smør i
Skillingsvis. Smaatt gjekk det, og keidt var det, so det
var ikkje fritt han stundom trega Garden sin; i seinare
Tid vart det endaa lagt Merke til, at han feitna og vart
raud i Nakken og posin under Augo; han hadde nok
lagt seg aat Ølflaska. Men Bonde var han enno i
Grunnen, og Kona hans med; Daniel skjemdest daa for aa
knote for mykje, so dei høyrde det. —

— Med aa vinne seg etter der han stod til atters
gjekk det smaatt; han kunde ikkje rett lære det som
han ikkje hadde til Lekse. So tok han seg fri fraa Etter-

42

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0044.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free