Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Hadde han gjort deim noko vondt? Kunde han ikkje
faa vera i Fred? Men dette gjorde vondt verre. Daniel
hadde tenkt det skulde vera gildt aa bli kjend med
Bygutar; men han hadde aldri havt det so vondt. Det var
som han stakk seg paa Naalir og Netlur kvar han
snudde seg.
Det var endeleg ein Gut som hadde vondt av han og
raadde han til aa gaa inn til Rektor og faa brigt um
Namne sitt. Naar han heitte Daniel Olsen, so kunde han
kalle seg «Olsen»; so vart det slutt med
«Surbrød»-Skraale. Daniel svara, at lét det seg gjera, so vilde nok
han; men det var so leidt at gaa inn til Rektor aaleine.
«Ja, synest du det, so skal eg vera med deg,» sagde
den andre. Dei gjekk; og Daniel fekk det som han vilde;
heretter skulde han med Gud og Retten heite Daniel
Olsen. Men fraa den Dagen var Daniel og Kristian
Bli-land Vénir. Og Venskapen vart so mykje sterkare, av
di dei paa ein Maate var Bondegutar baae tvo; for
Kristian var Son av ein Klokkar inn i Fjellbygdom.
Det hjelpte svært aa faa ein Kjenning. Og daa dei
andre saag at Daniel ikkje var aaleine lenger, men stod
under Varetekt av Kristian Bliland, som ikkje var nokon
Kastekjepp, so lét dei han meir og meir vera for det
han var.
Men Daniel kunde aldri like seg rett i denne Skulen.
Og Leksur og Lesing var det jamt. I Staden for aa gaa
og spenne paa Gata sat han paa det tronge Kote sitt
hjaa Hans Nerstad og las, og hadde det berre smaatt.
Ein gamall Trestol med fire Føtar attmed eit gamalt
skralt Kjøkbord, det var heile Stasen; og paa Veggen
hekk Karl Johan med ei uhorveleg lang Nos og stirde
mot Døri med sure Augo. Og det som verre var: han
totte ikkje sjølve byen var so gild som han hadde tenkt.
Det var i Haustbløyta; og Regne var likso surt og Søyla
41
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>