- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
44

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

eller ikkje. Ja dei som var drivne i aa fuske galdt for
Karar, og gjekk og kytte av Fantestykki sine. Men dei
som var strævsame og trugne til aa lesa, vart tidt og
ofte gjorde til Narr av dei ordførande Overlabanar i
denne Grønkaal-Klassa.

«Til i Dag hev eg ikkje lesi det minste Grand!» skreik
dei i Munnen paa kvarandre, naar dei kom paa Skulen
um Morgonen. Og so trætta dei um, kven som hadde
lesi minst. Men naar dei kom upp, klara dei seg for det
meste likevel; Daniel vart baade forundra og modlaus
yvi dette.

Glade i Skulen var Gutane ikkje; dei var i Fengsel,
lét dei um; Lærarane var Fangefutar. Minst lika dei
Rektor; mykje hadde dei og imot Religionslæraren, ein
gamall uppturka Rationalist, som jamt mol um dei tri
store Vismennane Moses, Jesus, Sokrates; like eins imot
Historielæraren, som dreiv paa med «Oversigtstabeller»
og gav Gutane historiske Slengjenamn; sjølv vart han
heitande «Robert Djevelen». Daniel totte i det heile
ikkje Lærarane her var som han hadde tenkt. Mange
av deim saag ut til aa ikkje bry seg stort meir um
Kunskapen enn Gutane, og det dei visst tenkte mest
paa var aa faa Timane til aa gaa. Dei byrja seint, og
slutta so snart dei torde. Og jamt var dei i Ulag; det
var ikkje ofte at ein Time gjekk av utan Gryl og Gnaal.
Süme hadde sine visse Syndebukkar som dei kvar Dag
hadde uppe og reiv seg ut paa; andre syntest vilja
piske Klassa fram til Dygd og Dugleik med Spott.
Daniel var rædd desse strenge Herrane. Men han bøygde
seg under deim med slik ein Bonde-Vyrdnad og kunde
dessutan for det meste Leksa si so vidt godt, at han
klara seg noko-so-nær. Kristian Bliland like eins, endaa
han tok det meir rolegt. I det heile lika Lærarane desse
Gutane fraa Lande. Dei var uppvaksne under meir

44

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0046.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free