- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
45

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«patriarkalske Forhold», hadde lært aa lyde og vyrde
sine Overmennar; hadde ikkje noko av denne frons
urbana, denne Storsnuten, som gjorde Bygutane so
erte-same aa hava med aa gjera. Audmjuke var dei og
lydige, lette i Taumen som Skulegutar burde vera.

Men Daniel visste no at Kapellanen hadde havt Rett,
daa han tala um Latinskulen. Her var «aandlaust», og
det til Gagns. Han vart stundom so leid av seg, at han
drøymde um aa røme. Fara til Amerika, eller til Sjøs.
Det som dreiv han til aa lesa var mang ein Gong berre
Tanken paa Bygdeslarve, og so Tanken paa Inga.

Ein Gong um Maanaden kom Ole Johannes til Byen
med Matvarur til Son sin; stundom var Mari au med.
«Eg kann ikkje forstaa, kva du vil til Byen etter,» sagde
Ole Johannes; men Mari maatte inn og sjaa um «Daniel,
Stakkar»; det var ikkje Raad for det. Daniel var glad
naar dei kom; men dei var fælt bondsklege. Naar han
fylgde deim i Byen, so vilde han helst ikkje raake
Kam-meratar. Elles var det ikkje fritt anna han kom seg, han
Far. Ny Bykjerre hadde han raadt seg til som ikkje var
stygg; og det som meir var: han kom strjukande til
Byen i kvit Halskrage og Klædestrøye. Men ho Mor var
den same som ho hadde vori. Ho var vel for gamal til
aa lære ny Skikk no. Ja ho lika ikkje at Ole Johannes
fjelga seg upp heller. Ein gong dei var i Byen, sette ho
seg til aa syte og jamre for Daniel reint av Naudi um,
kor rart Ole Johannes tok seg upp i seinare Tid. Han
vilde liksom vera noko meir enn fyrr no, daa han hadde
ein Son i Byen paa Latinskulen. Ikkje hadde han den
Arbeidshugen heller som fyrr, men gjekk mykje og
strauk ned paa Nese eller uti Bygdi og gjorde seg gode
Dagar. Heime vilde han og liva godt, kaupte heim fint
Brød og Kaffi, og løyste Blad som han sat og las i heile
halve Yktine. Brennevin hadde han og i Huse no. •—

45

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0047.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free