Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
sov om Morgonen no i Staden for aa lesa Bøni; og so
kunde ein ikkje vente anna enn at der vart «lite
Væl-signels med Arbeide». Daniel svara ikkje lenger.
Han trøysta seg med aa drøyme um Pramtidi og um
Inga. Naar han vart Student jamna alt seg; og daa
vilde han bjode Inga Holm Hjarta og Hand. Ho var
for fin for Bondegutane, og for dei andre var ho ikkje
rik nok; so fekk ho staa fri, som Blom paa høgt Fjell,
til dess han kunde koma. —
— Daniel fekk ikkje Friplass paa Skulen næste Aar,
daa han ikkje kunde skaffe Attest for Fatigdom. Men
paa Skulen kom han likevel; Gamlingen tenkte der var
ikkje anna fyri. Og kor ille Daniel lika seg paa Skulen,
so var det betre i Byen enn heime paa Sørbraut likevel.
Ja sjølve Gamlingen vart ein annan, naar han kom til
Byen. Det var som han yngdest upp att her inne, totte
Daniel. Han kunde sjaa so raud og frisk ut, og hava
slik ein Glans i Augo, at ein skulde ikkje kjenne
Mannen att. Sjølve Hans Nerstad vart glad, naar han saag
Ole Johannes so livleg; han nikka til Daniel og lo so
smaatt.
Men ein Gong ut paa Hausten — det var ein regnsur
og kald Dag seint i Oktober — totte Daniel at
Gamlingen var kvatare mest enn rimelegt kunde vera. Og
Glansen i Augo var helst som ei Dimme. Daniel forstod
seg ikkje paa dette; koss kunde det hava seg, tru?
Ut mot Kvelden skulde Ole Johannes paa Heimveg.
Daa var han bleikare att og meir tagall; men det
underlege Lage fylgde han. Og som han sat i den nye
By-kjerra si og rødde nokre Velfar-Ord med Hans Nerstad,
saag Daniel, at Augo hans var stirande og stive som
paa ein drukkin Mann. Daa seig det ei Tyngd yvi Guten.
Han gjekk upp-aa Rome sitt; visste ikkje kor han skulde
gjera av seg. Han berre saag Far sin som han sat der
50
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>