- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
49

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

vardest; so at no var det berre aa tenkje paa aa faa
eit nytt Laan. Det var ikkje greidt. Ole Johannes hadde
tenkt at 100 Dalar aldri kunde faa Ende. Men naar ein
for flust fram, so —. Daniel vreid seg. Det var daa ei
æveleg Straff med desse Pengane.

Men han trøysta seg med, at no hadde Gamlen drivi
det so vidt at han ikkje kunde slutte. Og kva gjorde
det um han tok eit nytt Laan? Garden var visst stor
nok til aa bera baade det og meir.

Likevel heldt han seg helst undan Far sin. Dette
mistydde Gamlingen; trudde det var Storkarsgrillune som
var ute att. Og dette var so mykje meir harmelegt no,
daa Ole Johannes ikkje lenger heldt seg for nokon reint
simpel Bonde. Han hadde jamvel kosta Pengar paa aa
koma seg litt upp, so Son hans ikkje skulde turve
skjemmast av han. Ein Dag kom han med det. Daniel
svara so snildt han kunde, at det hadde aldri vori hans
Tanke, slikt. Men Gamlingen meinte det var greidt aa
sjaa kva Tanken var. Og han hadde ikkje venta sovori
no, sagde han. Han hadde visst gjort alt det han kunde.
Og um Daniel tottest vera Storkar, so fekk han ikkje
gløyme kven det var som laut svide for det. Daniel
meinte at Pengane skulde han greide naar han fekk
Embætte, so det var vel ikkje verdt aa taka seg nære
av det no; Gamlingen svara, at det vart ikkje paa dei
fyrste fjortan Dagane at Daniel fekk det Embætte.
«Nei, nei; kven hev meint det?» sagde Daniel stutt.

So vart det uhyggjelegt heime som vanleg. Og Mari
jamra jamt og samt um, at det gjekk til atters. Arbeide
vart drivi mykje med Leigefolk; Garden tok til aa koma
i Nedfall. Ole Johannes var i Skuld hjaa Jens i
Larse-bakken, og no maatte han handle hjaa honom mest all
Ting; selja billegt og kaupe dyrt. Ikkje var han so
trugin med Boki heller som fyrr. Han laag heller og

4 — Garborg I.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0051.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free