- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
52

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

og saar, riktande Ande; men endaa verre var det aa
høyre paa det øre Snakket um «Sonen, som skulde verta
Bisp». Mari spurde Daniel med graatande Taarir um
Far hans hadde vori... um han hadde fengi noko ...
meir enn han tolde ... der inn i Byen; Daniel vart bleik,
men sagde nei. «Aa Gudskjelov for det daa!» grét Mari.
Den raudhærde Kapellanen kom ender og Gong og vilde
tala med den sjuke um hans Sjælesak; men det nytta
ikkje. Han kunde nok vakne for eit lite Bil, han Far;
men strakst etter var han burti Ørska att. Og i den
Ørska døydde Ole Johannes.

Der stod Daniel.

Det viste seg, at Gamlingen i dei seinste Aari hadde
sett seg i større Skuld enn nokon visste. Det meste
skyldte han hjaa Jens i Larsebakken. Men det var
Smaa-gjeld baade her og der, i Byen og Bygdi. Garden var
so skuldsett som han med godo kunde vera.

Skulde dei klara det, fekk dei sjaa aa koma til Lags
med Jens. Denne viste seg ikkje urimeleg. Han vilde
berre hava Daniel til aa skrive under paa, at han skulde
betala Gjeldi — halv tridje hundrad Dalar — so snart
han fekk Embætte eller Post; og so skulde Mari og
Elias gaa god for Daniel og sjølve staa for Pengane,
um han døydde eller vart helselaus; Rentur skulde dei
leggje med 5 Procent um Aare til dess Pengane var
greidde. Daniel skreiv strakst under. Det kunde ikkje
skilja honom noko det; og so vart det daa ein Ende
paa all denne Uhugnaden. Til Lagverje tok Mari gamle
Tarald Ruste, som fyrr hadde vori Lensmann; og det
vart avgjort at ho skulde bli sitjande i uskift Bu.

Der var ingin løynd Rikdom aa finne. Ingin
ned-gravin Skatt; ingin Pengehop paa Kistebotnen. Kunde
Mari og Lias med Stræv og Sparing fikte seg igjenom,
so vilde det vera mest meir enn ventande.

52

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0054.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free