- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
53

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Til Daniel var der inginting. Dei sagde han fekk
freiste aa koma inn paa ei Krambu. Han svara ha og
ja. Kva skulde han paa ei Krambu?

Han gjekk som i ei tung Ørske. Det var ute med
alt. Og verst var det aa tenkje paa Inga.

Inga, Inga. Kva tenkte ho no? Han torde ikkje vise
seg i Neskyrkja i denne Tidi. Men kvar Sundag naar
Folk gjekk fraa Kyrkja, sat Daniel paa ein Stein attum
ein stor Runne ovanum Vegen og saag etter Inga.

Det kunde ikkje gaa slik. Her maatte koma
Hjelp. Han gjekk under um han ikkje naadde fram;
kunde Vaarherre tillata at ei Sjæl gjekk under ?

Der var mange rike Folk i Byen. Der var Folk som
kosta burt Tusund paa Tusund berre til Stas og Fjas.
Det stod just i Blade, at Grosserar Helle hadde kaupt
seg ein Lystkutter for 500 Dalar. 500 Dalar til ein
Lystbaat! Med dei 500 Dalane kunde Daniel vori berga.

Eller denne Bror vaar, som for og flakka i den vide
Verdi, og ingin visste kvar han vanka; kannhende var
han i Amerika ... Gifte seg med ei rik Dame, vart Eigar
av ein Million; kom heim, greidde heile Bundelen...

Eller den som kunde faa i Bergkongen. Eller Nissen;
eller ein Dverg; eller noko anna slikt... Der var
Rikdomar nok i Jord og Haug; den som berre kunde finne
deim. At ikkje den gamle Dagfinn Sørbraut likso godt
kunde ha raaka paa ein Klump Gull! Det var mange
som hadde funni Gull i gamle Haugar.

Tarald Ruste! H a n skulde vera ein velhaldin Mann.
Um ein spraaka vel med honom?

Aa nei. Han var ein Moldtræl han som dei andre.
Han var endaa til Jaabækianar. Kva Sans skulde ein
der vente for Aand og Vitskap?

— Men Jaabækianaren Tarald Ruste hadde tenkt eit
Grand paa den unge «Studenten». Det var ille at dei

53

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0055.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free