- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
69

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

eitt, hadde han noko fortrykt og forkomi yvi seg, eit
Drag av Stræv og Sut, av vonde Dagar eller Rangel;
mange gjekk laakt klædde, med skitne Halskragar og
Handkragar, med Brøkar upptrødde ned med Hælane,
med skeive Sko, med geniale Hattar; burtmed Omnen
sat ein Gut med Vinterfrakken paa seg endaa naar
Omnen var raud; Tingen var at han hadde Hol i Broki
si paa ein Stad... der ein ikkje maa hava Hol i Broki;
og det kunde han ikkje dylja pa annan Maate. Mange
saag ut som dei smaasvalt; og dei som freista aa fylgje
med, gjekk gjerne med ei jamn Skodd yvi Heilen, tunge
og mødde av Nattevaking og Ovarbeid, so dei ikkje var
heilt-upp seg sjølve. Di lenger det leid, di tyngre det
gjekk; det vart mindre og mindre av Godlag og
God-skjemt. «Klasse-Aandi», som aldri hadde vori sterk,
døydde burt; Flokken skilde seg sund i Smaaflokkar;
og dei som ingen Flokk hadde aa sokne til, gjekk og
tusla aaleine.

Det dei rødde mest um var vel det dei hadde minst
av: Pengar. «Den som hadde Myntsorter!» — den Visa
gjekk fraa Morgon til Kveld. Men kom dei inn paa «store
Spursmaal», Politik, Nationalitet, Tru, kunde dei bli
baade varme og heite. Alt fraa fyrsto hadde dei skilt
seg sund i Meiningsflokkar; der var liberale og radikale,
der var «norske» og «norsk-norske», Kosmopolitar og
Maalmennar. Dessutan var der ein Flokk
«meiningslause», slike som «ikkje brydde seg um Politik». I Trui
var der like eins Meiningsskilnad; der var
Grundtvig-ianarar, helst millom Seminaristane; og um Jens Rud
og eit Par andre vart det sagt at dei skulde vera
«Ny-Rasjonalistar». Men uppi øvste Klassa skulde det
jamvel finnast Folk som ikkje trudde paa nokon Ting.

Med slike gjekk det som det kunde. Det var ikkje
greidt. Dei kom til Byen unge og faakunnige; misste si

69

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0071.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free