- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
68

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det rolege kjøtfulle Andlite hadde stivt seg og strekt
seg og vilde vera aalvorsamt, og dei smaae graakalde
Augo stræva med E8> sjaa kjærlege ut. Og Daniel
forstod snart, at Ole Bentsen gjekk med Tankar um aa
frelse honom au. Dette vart brysamt. Daniel kunde ikkje
umvende seg fyrr han hadde freista det ideelle
Studenterliv; men at han tenkte so, torde han ikkje vera ved;
naar daa Ole Bentsen tok til aa tala um aa agte paa
Naadens Tid, so var Daniel reint ille farin. Endeleg
skyna Bentsen at Guten var komin i Hendane paa Hans
Haugum og gav han upp; glad var Daniel.

— Vinteren var lang og Leksune stride. Ein kunde
lesa baade Natt og Dag, og endaa var det raadlaust aa
fylgje med. Daniel trøytna. Aa, at alt i Verdi skulde
vera so tungt! I Grunnen var det nok med Skulearbeide
som med alt Slit: det var ei Straff for vaare Syndir.

Etterkvart merka han seg, kva det var for Lærarar
ein kunde «taka det lett» med: og so tok han det lett
med deim. Lærde ikkje det dei sette ’n fyri, og var ofte
burte fraa Timane deira; kunde andre fara soleis, so
kunde vel han med. Han trøysta seg med, at han var
nøydd til det.

Ein ujamn, av likt og ulikt samanrekin Flokk var det,
han var komin ihop med her. Det meste var Bondegutar
og Smaafolks Sønir; men her og der kunde ein sjaa
Velstandsfolk med, slike som var burtviste fraa
Latinskulen, eller som av andre Grunnar fann det laglegt aa
skjote denne «Beinvegen til Eksamen». Her sat friske,
grøne Sekstanaaringar jamsides med røynde
Skjeggje-bussar og Fleinskallar paa 30; vyrdelege Skulemeistrar
sat saman med glade Sjøgastar; heilage Mennar som
Ole Bentsen maatte sitja i Lag med Ranglefantar og
Galningar som kannhende ikkje gjorde stort anna enn
drive rundt etter Moro. Saag ein heile Flokken under

68

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0070.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free