Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
daa var det Skrap reint ut: Slusk som gjekk til Prestar
og snilde Folk og skrymta og laug, og sidan sumla burt
det dei fekk; millom fleire som soleis skulde vera komne
meir eller mindre «paa Drift» vart serleg Rødberg
nemnd.
At det var best naar ein kunde greide seg sjølv var
alle samde um. Det einaste var, at ein gjerne kom noko
upp i Aari fyrr ein naadde fram daa, og at det ofte
røynde stridt mykje paa Helsa. —
— Var Haugum Førar for dei folkelege, so kunde ein
endaa meir segja at Jens Rud var førar for dei radikale.
Daniel trudde lengi at Jens Rud var ein Presteson. Han
saag ikkje ut som Bondegut; han hadde ikkje dette
breide, kraftige yvi seg som dei; serleg var Andlite
altfor fint, og Munnen for klaart forma. Endeleg fekk
Daniel vita, at Jens Rud var Son av ein Storbonde upp
paa Romerike. Og endaa kunde han vera radikal. Ja han
var Maalstrævar!
Til Ruds Flokk høyrde Halvor Mosebø, ein litin
rund-ryggja gulbleik Teledøl med ei Nos som ein Sadel og
eit Par myrkegraae, sturne Augo, som syntest smaae
under dei hengjande, posne Augnelöki; men i
Augne-krokane glimta det stundom; for Halvor Mosebø var eit
kvikt Hovud. Daniel fekk imot han av di han kunde meir
Historie enn han sjølv: men det gjorde, at Daniel tok
til aa lesa Historie att. Dessutan «Sven Dufva», Per
Brageland, ein høg nakkebøygd Gut med tvo klaare,
rædde Gåselle-Augo, truskyldig og snild; «Pugghest»;
høyrde med til desse Maurane som tagde og stræva,
tagde og stræva, grov seg stillt gjenom Bok etter Bok,
gjenom Eksamen etter Eksamen, til dess dei fekk seg
eit Kall nordpaa eller vestpaa einkvar Stad, av di dei
var so gamle, eller av di dei hadde Kone og Born aa
forsyrgje. Um Per Brageland hadde Jens Rud sagt, at
71
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>