Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«ett dåligt hufvud hade han, men hjertat, det var godt»;
sidan heitte han Sven Dufva. Endeleg rekna dei Markus
Olivarius Markussen med til «Ruderne», mest av di han
var Maalmann; det var ein herdebreid, haarfager
Trønder, ihüga og smaagløgg, med mange Hugmaal, snar til
aa læ, ei livleg Sjæl. Han og Halvor Mosebø budde ihop;
dei «disputera og lo, og disputera og drakk 01», og heldt
Mode uppe i det lengste.
Ranglefantane var helst aa finne millom dei
«meiningslause», sagde Haugum. Der var Isak Abrahamsen
Op jorden, som tilslutt vart tekin heim fraa Skulen; og
der var Bent Bu, ein Fyr som sjeldan var aa sjaa. Olsen
den fyrste og Simon Husmo hadde au sine «Øl-Ridir»;
men det var berre ein Gong imillomaat. Bernt Bruvik,
som «alltid hadde same Meiningi som den han tala med»,
laag etter alle dei Tenestgjentur han saag; og kvar Gong
han fanga ei, «vart han burte fraa Skulen i 8 Dagar»,
gjekk Orde. —
— Fraa Tarald Ruste fekk Daniel ender og daa Brev
um, at han maatte spara. For spart var spart; og Lande
var fatigt; og Embættsmennane livde altfor feitt. Lias
skreiv ein Hende Gong og fortalde, at alt stod godt til,
og at han mest ikkje kunde klara seg. Ingin skreiv um
det einaste Daniel brydde seg um: Inga. Daniel sende
tvo Gongir Brev til Judit og freista aa faa henne til aa
fortelja fraa Klokkargarden; men den Døla forstod ikkje
Meiningi.
Pengar fekk han berre so vidt han kunde slite seg
igjenom. Stundom naadde ikkje Sendingane ihop; daa
hende det at han laut laane. Men det var ikkje faarlegt;
han visste han kunde betala. Og han vart alltid berga.
Greidast var Austlendingane aa beda um slikt;
Vestlendingane var meir vare av seg. —
— Ein Dag kom Jens Rud til han med ei kjærleg
72
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>