Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Naar han var til Kyrkje, sat han i Skulemeistarstolen
no, til eit Merke paa, at han var komin upp yvi
Aal-mugen. Og han sat der og gjorde seg til for Inga Holm
paa Fraastand som i gamle Dagar. Men ein Sundag
hende det ein uventande og forunderleg Ting: daa Messa
var slutt, kom gamle Klokkar Holm og bad han med
seg heim til Middags. Daniel vart blodraud og reint
for-tryllt. «Takk... Takk,» sagde han. Kunde det vera Inga
sjølv, som —! Saman med ein av dei eldste
Skulemeistrane fylgde han med Bivring i Bringa Klokkaren
heim.
Gamle Holm var fornøgd med Daniel. Guten var den
han hadde vori, so vidt som han kunde forstaa. So nær
som i Maale daa, sjølvsagt. Dei helsesame
Grunnsett-ningane han var heimangjord med, hadde han haldi paa;
og han hadde ikkje vorti uppblaasin. Han heldt med
Klokkaren i alle Ting; gamle Holm vart mest kaut av
aa faa slikt Medhald av ein Mann som ein daa snart
kunde kalle studera.
Mons Skulemeistar tagde for det meste. Berre ender
og daa kom han stikkande med eit lite Spursmaal um
eit eller anna som han lengi hadde ynskt aa faa Greide
paa av kunnige Folk. Daniel svara naadigt baade paa
det han visste og det han ikkje visste; og Klokkar Holm
og Mons Skulemeistar undra seg storleg yvi Visdomen
hans. Men det var for det meste Hans Haugums
Visdom, Daniel no får med.
Han tagna, daa dei kom fram mot Klokkargarden.
Alt var so underlegt; det laag ein Glim, ei Hildring yvi
kvar Ting; alt han saag, det liksom glyrde til ’n og
takka for sist, eller drog paa Geipen. Men ei gamall
Høne gjekk og kakla og breidde seg og sagde tydeleg,
Gong etter Gong: Friar? Friar? Friar?
Daniel raudna og hitna. Men han kom inn. Helsa paa
74
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>