- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
78

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gard millom grøne Tre. Men daa det leid utpaa Hausten
ei Stund, vart desse Draumane noko mindre heite.

Det kom ei ny Tenestgjente i Huse. Ho var fraa
Vestlande og heitte Berta Maria. Det var ei skikkeleg Gjente,
godsleg og snild, med eit Andlit mjukt og rundt og
blidt og lokkande som ei Pannekake. Daniel saag paa
denne Gjenta og lika henne. Tala til henne vaaga han
ikkje; men han lika aa sjaa henne. Snart tenkte han
paa henne naar han ikkje saag henne au.

Han vilde henne inginting! Men hadde han kunna
noko av Bruviks Kunstir, so vilde han gjort seg kjend
med henne i all Tukt og Ære; for daa hadde det vorti
so mykje hyggjelegare paa Hybelen. Men Daniel kunde
ikkje Bruviks Kunstir. Han vaaga seg ikkje til aa bjode
Berta Maria so mykje som ein Teaterbillett.

Men likevel var han glad for ho var her. Og sistpaa
tenkte han mest likso tidt paa henne som paa Inga. Det
var paa ein annan Maate; for Berta Maria var berre ei
Tenesttaus, og Inga Holm var Ideale. Men han maatte
likevel undrast paa, at ho var so ofte i Tankane hans.

— Det var Uraad for Daniel aa klara seg med dei
Pengane han no fekk; han tok til aa faa Smaagjeld. Og
til Sumaren laut han hava nye Klæde au. Han skreiv
til Lensmannen um dette, men fekk ikkje Svar. Endeleg
kom det Brev; men det var fraa Finsen. Og denne skreiv,
at Herren i sin Naade hadde kalla Lensmannen heim til
seg. Og Finsen torde segja at den gamle Mannen i
Sanning hadde fari med Fred. Han tvila ikkje paa at den
Sjæli var frelst; og for det maatte me alle, og Daniel
ikkje minst, lova og prise Herren.

Ja, Daniel kunde vera med paa det. Men kor gjekk
det med dei nye Klædi? Finsen skreiv ikkje eit Ord um
deim. Derimot skreiv han um, at han no vart aaleine
um aa hjelpe Daniel. Og han skulde halde ut til Artium;

78

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0080.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free