Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
han ein frelsande Tanke: «Mor vil ikkje,» sagde han.
Dermed slapp han. Og han totte han hadde greidt seg
godt. Det same totte Mor hans, daa han sidan fortalde
det til henne. —
— Daa han var komin godt og vel inn til Kristiania
om Hausten att, fekk han høyre at Grosserar Helle
hadde spéla upp. Daniel vart reint fortenkt, men —
ikkje uglad. So var han daa kvitt den Formyndaren.
Men daa han strakst etter fekk Brev fraa Lensmannen,
at heretter laut han berge seg med endaa mindre
Pengar enn fyrr, kolna Gleda av att.
Paa Skulen gjekk alt som fyrr. Men fire av Gutane
var gjengne ut: Wall, Presler, Simon Husmo og Bernt
Bruvik. Den siste sagde dei hadde gift seg med ei rik
Slagtardotter og skulde vera Handelsmann. Men tvo nye
var komne inn att, tvo som hadde vori uppe og stroki.
Den eine heitte Gregus Johnsen; det var ein lang, bleik
Fyr som dei sagde var Diktar; han hadde endaa skrivi
vers i «Posten». Den andre var gamle Vidunderbø. Hans
rette Namn var Underbø; men han hadde vorti
namn-gjetin og umdøypt, av di han «snart i ein Mannsalder»
hadde «gjengi her inne og stroki til Artium». Men kor
lengi han strauk, og kor ille det gjekk, han heldt ut og
heldt ut, seig som eit Vidunder. No var han langt ut i
Aari, so dei for Moro Skuld fortalde at han hadde ein
Son som var Student, og som i «Eksamenstidine» las
privat med Far sin «til aa hjelpe den unge Mannen
fram». Det var aalmenn Tru, at Vidunderbø kom til aa
gaa som ein ny Jerusalems Skomakar og strjuke til
Artium æveleg. —
Meir enn nokon Gong dyrka Daniel si huglagde Møy
i sine einslege Draumar. Den Solskinnsstundi i
Klokkargarden livde han uppatt og uppatt; og ut ifraa den dikta
han lange Eventyr, som alltid slutta i ein kvit Preste-
77
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>