Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
paa Festen, rødde, ropa, hua, lo, jamta som Kattar,
gøydde som Hundar og skreik etter Puns; og heile det
tettsette Rome var i ein Baaregang av haarfagre Hovud
og faste Akslir, av frisk Ungdom og tyrst Livsglede.
Seks hundrad Styvlar og tolv hundrad Stolebein
trampande paa eit Golv, seks hundrad Hendar trommande
paa hundrad Bord, tri hundrad Halsar haukande,
læ-jande, ropande, gøyande, og so ender og daa gjenom
alt dette Staake eit veldugt, taktfast Kor: «en! to! tre!
Pu—ns!» — «en! to! tre! Pun–ns!» — det gav eit
Buldr, so heile Bygningen ljoma.
Men der var Ungdom i Staake, so at jamvel dei
suraste Skulemeistrane tinte upp og lo; og gamle
høg-vise Professorar sat og smilte so sælt og blidt som dei
skulde ha misst heile sin Visdom.
Daniel var som drukkin av alt dette Gladlynde. Han
sat i ein einaste Laatt. Kvar ein snudde seg var der
Leik og Gaman; alle Skjemtegaukar fraa alle Skulane
hadde samla seg her, og kvar kunde sitt. Og alle dei
skjemtefulle Ord og Ordtak og alle dei range Spursmaal
og snøgge Svar og all den ravgalne Latinen som flaug
gjenom Lufti som ein Nissedans! So fri som her hadde
Daniel aldri kjent seg. Kvardagslive med sitt Stræv og
sitt Mas var gløymt; Folk hadde lagt Tankane og
Sor-gine etter seg heime; Morgondagen var ikke til; Gleda,
Gleda aaleine livde; dette var aa vera Student; dette
var det ideale Studenterliv.
Men Punsen gjorde seg drjug, og Russen vart utolug
Rundt heile Salen reiste det seg Rop etter Gudedrykken;
der var ei Tramping og eit Lurve-Leven, so det var
svært godt aa hava tjukke Øyro. Ein ung Fyr med eit
blaatt Band paa Bringa ropa inn gjenom ei Dør, at
Punsen trong si Tid, den med! — men han vart ikkje
høyrd; kven brydde seg um slikt Prosatull.
80
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>