- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
81

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Endeleg viste det seg ein Skjenkjesvein; og strakst
etter fleire; Punse-Kannur hadde dei og Glas. Hurra!
Hurra! Alle Hundar gøydde, alle Hanar og Gaukar gol;
men dei som maatte vera Folk, klappa i Hendane eller
hauka. Og med ein Gong ljosna Salen av hundrad
vittande Hendar og Handkragar; alle vilde hava fyrst;
«Pst! hit!» «Vov! vov! hit!» «Opvarter! Opvarter!»
«Jens!» «Kristian!» «Munnskjenk!» «Ganymedes!» «Pst!
Pst!» — og Salen var aa sjaa til som ei kraumande
Maurtuve. Utruleg snøgt kom det Puns utyvi til alle
Bord; og Hans Haugum fekk ei Kanne aaleine til seg
og sin Flokk.

Og etterkvart som Folk var forsynte, vart Gleda
mindre skraalande, meir inderleg, vart liksom til ei
smaa-putrande Koking av Smaaprat og Laatt, med eit og anna
haukande Rop inn-millom. Alle var samstelte um, at
Punsen var laak, for søt og for slakk, berre noko Skvip;
men Puns var alle dagar betre enn inkje Puns; og ein
fekk taka det att i «Kvantiteten».

Daniel totte Punsen var god, han. Men han heldt med
dei andre, daa dei maatte vita det betre. Og han sette
upp ei Skynarmine og sagde til Aslak Fjordan, at det
var ikkje Puns; det var berre Sukkervatn.

Men der kom Magister bibendi.

Det var ein ung, høgvaksin Gut med svært Haar og
brunbleik Hud; ein diger, djerv Munn hadde han og var
aldri det Slag rædd. Han vart fagna med eit stort
Skraal, smilte, bukka, tok seg ein Slurk Puns, sagde
Hm! og lagde i Veg:

«Mine Harrer! (all right! Hurra!) Snart — er den
Dag kommen — (Hurra!) da vi — for Alvor — kan
sige Farvel (Kykeliky!) — til den Tid (Jubel, Remjing)
— til den Tid (vov! vov! vov!) som vist de fleste af
os — mer end en Gang... eh! eh! eh!» — Talaren laut

6—Garborg I.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0083.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free