Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
han tenkt litegrand paa Far sin; men det slo han ifraa
seg att; det var Skil paa aa drikke Puns i eit Russelag
og aa drikke Kornbrennevin millom Bøndar. Brennevine,
det øydelagde sin Mann; men Punsen høyrde med til det
ideale Studenterliv.
Og det forstod han klaarare og klaarare, di meir han
drakk. Aldri hadde han kjent seg so god og rein, so
høgt lyft yvi all Armodsdomen og Raaskapen i Verdi.
Ja etterkvart kjende han seg so ideal, at han brydde
seg ikkje um sine Pengesorgir heller.
Den einaste Kjensla som livde i hans Barm, det var
Kjærleik, Kjærleik til alle paa Jordi og serleg til deim
han var saman med her i Kveld, men aira mest, aira
mest til Inga. Henne vilde han snart skrive Friarbrev
til — det stakk so underleg i Bringa naar han tenkte
paa det —; og Skaal etter Skaal drakk han for henne
i Løyndom. Berta Maria vilde han ikkje tenkje paa i
Kveld; i Kveld var han Russ; og ein Russ skulde tenkje
paa Ideale.
Aa, so takksam han kjende seg mot Vaarherre, som
av si Miskunn hadde hjelpt han fram, so han no —
han, Bondeguten fraa Sørbraut i Nes Sokn — fekk
smaka denne høge Gleda aa vera med, um det so berre
var for denne eine Kvelden, i det ideale Studenterliv.
Det var sant at Visdomsrøtane var sure. Men Frukti
var søt etter Maaten; søtare enn han rett hadde
visst.
— Paa Talarstolen stod det ein ny Mann, ein gamall,
fredeleg Herre aa sjaa til, med graakvite Haarduskar
uppyvi ein halvsnaud Skolt, og med eit Par underlege
Horngluggar til Augo. «Professor Darre!» kviskra Hans
Haugum. «Professor Darre! Professor Darre!» kviskra
det fraa Øyra til Øyra i Salen, og ut paa Svalgangen,
og langt ned i Hagen; Flokk etter Flokk kom inn att
85
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>