Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
seg sund i Smaaflokkar og song kvar i sin Takt; sidan
kvar paa sitt Vers; Fridomen livde høgt, og Gleda var
fullkomi. Ungdomen hadde slegi seg laus, og dei gamle
hadde gløymt sin Alderdom; alt som i Salen var løyste
seg upp i Song og Laatt; og Punsen gleid ned, so smerin
han var, som det skulde vori Nektar.
Langt um lenge slutta Songen. Det reiste seg eit
Havbrak av Klapping og Tramping, fyrst fraa ein Kant, so
fraa ein annan, sistpaa fraa heile Salen, og gjenom
Havbrake gjekk skakande Rop paa «Forfatteren!
Forfatte-ræ—n!» til dess Salen liksom ikkje var anna enn dette
eine villande Rope. Og det varde lengi. Dei kunde ikkje
trøytne, desse unge Bringur; og det gjorde ikkje noko
um det sveid eit Grand i dei mjuke Hendane i Kveld.
Tilslutt laut den sæle Diktaren fram. Det var ein ung
Gut som alle dei andre unge Gutane; skvatt upp paa
Talarstolen, bukka i Hytt og Ver og var burte att som
eit Syn. Lang Gledelaat; etterkvart meir rolegt.
Mange som totte her var for trongt inne, eller som
hadde fengi nok av Øyredøyving og Tobaksrøyk, drog
seg ut i Hagen eller paa Svalgangen og slo seg ned der
med Punsen sin i smaae, hyggjelege Bordsetningar. Inne
i Salen vart det meir og meir Utskiljing. Punsen tok til
aa verme i dei unge Skallane; fleire og fleire fekk Hug
til aa samtala med gode Kjenningar i Trumaal. Hans
Haugum og Aslak Fjordan sat og dømde Russetala; ho
var lite tess, totte Aslak; berre desse vanlege
Tale-maatane; men Haugum var forundra yvi den unge
Fyren, som hadde kunna faa segja so vidt mykje i so
vidt Samanheng under alt dette Staake. Daniel heldt
med Haugum. Det var forunderlegt, at ein so ung Gut
kunde stige fram og tala so vidt godt i so stor og
kritisk ei Forsamling.
Punsen var god; Daniel vermdest. I Fyrstningi hadde
84
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>