Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
seg; for her galdt det aa vera Menneskje i høgste
Meining, liva i og for det, som i Sanning var Menneskje
verdigt. Der ute i Kvardagslive var Mannen sundbytt og
og sundskift i dei tusund Smaaformaal, so han aldri i
Fred fekk samle seg i det ideale; han kunde ikkje i
dette endelause Kav høyre Aandsharmonien gjenom alle
dei spreidde Røystir eller sjaa Einskapen gjenom
Dagsens brotne Straaleleik; men her, i Aandsheimen, naadde
ikkje dei villande Røystir inn; her var Høgd og Fred;
her fann Aandi seg sjølv; her vart ikkje Tanken sundra
og sprengd av det tilfellige, det smaae og spreidde, det
sundrivne og tankelause, einsiduge og endelege i det
vanlege Live; her skulde ein, menneskjeleg tala, sjaa
Gud som han var, tala med Aandi Andlit til Andlit
(Bravo!). Ein halvfull Hund burte i ei Kraa vaaga
seg til aa segja vov! men vart nedhyssa.
Der ute galdt det dei praktiske Fyrimaal, det nyttige
for Dagen, det «matnyttige», um han maatte bruka eit
slikt Ord; her galdt det, frigjort fraa all Vildring i det
mangfelde og sundskilde, aa søkje det ævelege, det i
seg sjølv væsentlege og sanne. I dette høge Live, i denne
aandelege Presteskapen, var det, at mine unge Herrar
no skulde koma inn; men dei kom ikkje tomhendte, um
so var; dei hadde sin Ungdom.
Professoren viste kor merkeleg vel laga for Ide-Live
nettupp Ungdomen var med sin sterke ideale Hug og
sin Sans for det store og aalmenne. Naar den friske
Ungdomen kom inn i det ideale Aandsliv, var det paa
den eine Sida han som fann seg sjølv; men paa den
andre Sida var det Aandi som fann honom eller fann
seg sjølv i honom.
— Dei som stod ved Dørine tok til so smaatt aa draga
seg ut; dei som inne sat stakk paa Punsen; det vart
langt, dette, skyna dei.
87
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>