Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Daniel høyrde paa med djup Aahug. Dessverre forstod
han ikkje alt; men det fann han rimelegt. Og det gjorde
ikkje stort heller; for han kjende paa seg, at
Professoren hadde Rett.
Det um det høge Aandslive kjende han att fraa
Kapellan Hirsch, berre det her var so mykje djupare og
lærdare. Og at det vanlege Kvardagslive var noko Tufs,
det visste han.
Det som kom sist var best; og daa fekk Professoren
Samtykke fraa sjølve Hundane.
Det var reint gali, sagde han, naar dei unge
Student-ane trudde at det galdt um aa lesa so svært mykje i
dei fyrste Par Aari. Det var ikkje Meiningi det. Arbeide,
det kom tidsnok. Det tunge og tankekløyvande Stræv
med dei tusund einskilde Ting som ein laut lære, so det
heile kunde forme seg fram klaart og artikulera, det
høvde betre noko seinare, daa ein hadde meir Kraft til
aa dukke under i det einskilde og like vel halde fast paa
det aalmenne. Ikkje for det: den eldre Alderen i desse
Tidir gløymde tidt nok det aalmenne, den med, dukka
so djupt i det einskilde at han bleiv der. Ja sjølve
Vitskapen var aat aa blive i denne Djupni. Det var
nettupp ei Tid no, daa alt Slag Servitskap gjorde seg
breid og vilde gløyme sitt Samanheng med det aalmenne;
Professoren bad sine unge Venir agte seg vel for aa
koma uti dette. All Serkunskap var i seg sjølv daud og
aandlaus. Det var ikkje Kunskapar um ditt og um datt
som gjorde ein Mann til Vitskapsmann; det som det
galdt um var Syne paa det heile, Gaaingi av dei store,
aalmenne Grunnar, av det store, aalmenne
Samanheng (Bravo!). Men no trudde Professoren, at ein av
Grunnane til at dei studerande so lett vilde gløyme seg
burt i den aandlause Servitskap var, at Studentane ikkje
i dei fyrste Aari visste aa bruka Tidi si rett, men kasta
seg yvi Serstræve strakst, og trudde det galdt aa stuve
88
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>