Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
var mykje Skrap au; Gudbevar’s!» — «Ja; mykje av
desse vanlege Talemaatane —.» «Ja visst, ja visst... —
Kjenner du Markus Olivarius ?» — «Nei dessverre, ikkje
stort...» — «Pine! staut Gut. Pine! staut Gut. Ja, anten
du vil tru meg eller ei... no hev me butt saman i
halvanna Aar; og dersom det hev falli so mykje som... so
mykje som eit halvt Ord! — Ja, det er ein merkeleg
Kar.» — «Ja, det er det visst. Men du —?» «Naa?» —
«He-he; ja, det er ein Ting som du aldri hev visst...»
— «Visst? Eg veit alting, eg. Kom ikkje der! Veit du
kva Aar det var Filip den 4de...» — «Ja, der er det
just! Veit du, at eg lengi var din verste Uven, av di du
kunde meir Historie enn eg, he-he-he?» — «Skaal!» —
«Ja lat oss faa litt aa drikke fyrst...» — «Du habst
Rekt, min Son. — Skaal! — Ja, Historie kann eg; kom
ikkje der. — Hev du set noko til Kjeringa mi, uppe i
Lia, i Lia? — Kor Fanden vart det av Mark Oliv?» —
«Aa, han kjem vel; han er berre utpaa Verandaen. — ,
Det er sant, kva var det du fekk ?» — «Eg ? Eg fekk —»
og Halvor slog i Bordet for kvart Ord —; «eg fekk
Dægeren tuti meg 3,4! — men den Fir’eren skal dei faa
betala, skal dei!... men eg er like god Gut for det, eg...
men dei skal faa betala det! Skarvepakke! — dei skal
faa minnast Halvor Mosebø! Her er Guten som ikkje læt
seg f laa med Navaren ... skal dei faa sjaa. Skaal!» —
Daniel visste ikkje kva han skulde segja til dette. Halvor
sat og sturde; so skreik han upp: «Hev du set noko til
Kjeringjé mi?» Strakst etter sagde han: «De fekk 2, 2,
De?» — «Nei, 3, 3.» — «Aahaa. — Skaal, gamle
Busen-frynd! — Skal me drikke Dus ?» — Daniel lo; «me drakk
just Dus,» sagde han. — «Du habst immer Rekt,» sagde
Halvor; «i Kveld er eg full, ser du! Men det gjer ingin
Ting! — Odelsbonde, ser du! Telebonde, ser du! Kom
ikkje der! — Kor Fanden vart det av Markus Olivarius?»
91
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>