Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— Han reiste seg og skeivla ut; Daniel ropa etter han,
men han høyrde det ikkje.
Det var komi meir Uro i Folk; Mengdi var paa Føtane;
der var eit jamt Drag ut og inn Dørine. Millom deim som
drog att og fram der saag Daniel ikkje so faae
Bondestudentar; underleg nok; ein kunde mest s jaa det paa
deim.
Halvt attum seg totte Daniel han høyrde eit Mæle
han kjende; han snudde seg og saag; det var Magister
bibendi. Han stod og tala med den same «Tosken», som
Haugum hadde rødt med for eit Bil sidan, og «Tosken»
spurde, um Magister hadde vori rædd daa han skulde
upp og tala i Kveld. «Jagu va jæ rædd!» svara Magister.
Daniel vart sitjande reint einstird: Fyren hadde Mod
til aa s e g j a, at han hadde vori rædd!
Ein ny Mann paa Talarstolen. Han tala for «dei
gamle». Det var ein Mann med godt Mæle og med mange
Ord som klinga godt; men Daniel fekk so lite Meining
i det han sagde.
Endaa ein ny! Men det var ein sovorin Kar, at Daniel
aldri hadde tenkt han skulde faa sjaa slik Syn i eit ideelt
Studenterlag. Som han kom hivande upp paa Talarstolen
slurveleg og slengin, skeiv i alle sine Rørslur, med eit
langt, skakt Bondeandlit og skygge Augo under
framskotne Bryn, visste Daniel ikkje, kva han skulde likne
han med. Men for denne underlege Mannen gav Salen
seg til aa rope Hurra og klappe, og gjenom Dundere
høyrde Daniel ei gnell Røyst som ropa: «Leve Dølen!»
So dette var Dølen!
Daniel kjende sig eit Grand rar der han sat, lite
tanke-slørd, lite tung yvi Augo... men no vart han kvik att;
han flaug upp; kjende seg noko lett i Føtane, men
arbeidde seg fram mot Talarstolen so snøgt han vann; han
vilde sjaa og høyre denne norske Villmannen som det
92
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>