- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
96

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

kratie, som me laut slaast med i sjølve Politiken? Alt
gjekk ut um Maten; den var beste Mannen som kunde
skaffe mest Guano. Heile Émbættsverke vart meir og
meir slikt eit Guanobruk, der det ikkje spurdest um
Aand og Tanke, men um aa tena godt, og gjera Pengar
utav Kunskapen sin, liksom Per Degn gjorde Mynt av
den Latinen som han elles ikkje kunde. Sjølve Studie
vart eit Handverk; det galdt aa «koma i Veg».
Herregud, liva maatte me; han var jamvel sjølv Fesjaa-Diktar;
men det var fælt aa høyre lærde Folk tala um all denne
Maten. Dei brydde seg Fanden um Folk og Land; dei
tok sitt Yrkje som ein annan Handel; i Staden for aa
vera Folkeførarar klippte dei Navlestrengen av millom
Folke og seg, stengde seg inne i sine Kontorbaasar og
vart Byrokrati. Og so kom heile Rikslive inn i den same
Aandløysa. Det vart denne utvertes Nytta, som ein kann
taka paa med Nevane; desse «materielle Fremskridt»
med Jarnvegar og Nautemøte; heile denne
«Læstedræg-tigheit», som ein Skipper kalla vaart sanne nasjonale;
kort, det vart dette engelske Stell med Kjøtmaskinar og
Undervurdering av det ideelle. Det gjekk so vidt, at dei
ikkje lenger lika framifraa gode Hovud i Riksverke;
desse «Helvites Genier» gjorde berre Ugagn.

No lagde ein av dei andre seg inn i Samrøda —
Daniel lika elles ikkje dei Karane; dei saag so høgvise
og aandsaristokratiske ut —: «naa,» sagde Mannen;
«dei turkar no meir og meir inn og, dei gamle ægte
Byrokratane. Daa er det annan Merg i desse
breid-vaksne, kjakesterke Bondegutane ...»

Dølen hogg seg inn att. «Ja,» sagde han, «Kulturen
gjer Folk fagre og ædle, men veike og visne, og so maa
det sistpaa Hunar og Vandalir inn ifraa Asia til aa friske
upp det tunne Blod. Men me tek ikkje vaare Vandalir fraa
Asia; me tek dei fraa Bondebygdi; difor gjeng ikkje Sam-

96

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0098.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free