- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
95

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— «Ja, gift dykk, Gutar; men gift dykk med Vit, og
fljug ikkje stad og tak dykk ei Kone fyrr de kann føde
henne; for daa gjeng det gali, som me jamt ser. For
Kvinna vil med all sin Elskhug hava Mat, og det hev
ho Rett i.»

Han sagde mangt om Elskhug og Mat, som Daniel
fann lite poetiskt. Men kvar Gong han skulde til aa
forarge seg yvi dette, kom det ein Sleng i Tala som gjorde
at han maatte læ. Og han lo og klappa som alle dei andre.

Tala slutta med eit Par Vers um, at Kvinna med alt
anna godt attaat var fager, og at det var det beste ved
henne. Og med ein Gong gløymde Dølen sin Visdom um
Aandsmennar som skulde vera Sveinkallar; Enden vart
at Tankens Mann nettupp burde hava den fagraste
Gjenta. Og so vilde han drikke ei Skaal for Kvinna; og
den Skaali vilde han serlig drikke med alle deim her i
Lage, som hadde ein Kjærest, so sant som daa Kjærasten
og Kjærleiken var noko tess. Russen jubla til dette og
drakk; Dølen dukka ned av Talarstolen og skeivla
burt-etter til det Borde der han sat med Kammeratane sine.

Dit burtetter søkte Daniel au. Han vilde høyre meir
av denne folkelege Vismannen og Skalden.

Og Dølen var i Drøselag. Uppglødd og glad etter Tala
og Samtykke tok han seg en Slurk Puns og gav seg til
aa preike paa nytt Lag, for Felagane sine og kven som
vilde høyre.

Ja, den Kvinna og den Maten, tok han i. Men det kom
seg av, at Kvinna hadde mindre Daning enn me; for
visste ho lite meir, so vilde ho forstaa, at det var ikkje
sant det med den Maten. For det var ikkje sant; han
hadde mang ein Gong livt sine beste Stundir dei Dagane
naar han ikkje hadde fengi Middagsmat. Dette
Mat-stræve som var so uppe no, det tyngde ned heile Live
vaart; ja var det ikkje denne Matmagti og dette Guano-

95

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0097.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free