- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
98

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

her i Kveld. Sterk Klapping. Skaali si vilde Jens serleg
tøme for dei Studentane som var gjengne fram av det
aalmenne Folke; dei hadde fyrst og fremst den Fyrilogo
aa vera Folke-Upplysarar og Folkeførarar, av di dei
kjende Folke best; — «Skaal for Bondestudentane!»

Heile Salen klappa; det var baade fagert og
forunder-legt. Daniel vart aalvorsam. Han mintest sine gamle
Draumar; og det var som han jamsides Jens Rud saag
ein annan Mann stige fram, ein Mann som han i lange
Tidir hadde altfor mykje gløymt: Kapellan Hirsch.

Ja! han vilde vera Berar av Folkets Sak. Han vilde
vera ideal Student; han vilde arbeide for Tankar og
Aand; og Matstræve vilde han alle Dagar hata. Aa, at
han ikkje var rik!

Rundt om i Salen surra og dura det som fyrr; ender
og Gong steig eit Rop, ein Laatt, ein Songstubb, og
døydde i Tobaksrøyken. Daniel kjende seg trøytt. Han
vilde ikkje vera inn-i alt dette Sumle lenger. Ut i Hagen
og suge frisk Luft, og drøyme store Draumar!

Daa han kom ut, fann han Hans Haugum og fleire
andre, derimillom Ortvedt, Sven Dufva og ein ukjend,
sitjande ved eit lite Bord under eit Tre. Han gjekk
burt-til. «Aah! er det du?» sagde Haugum; «ver so god! her
er Plass. Og eit Glas 01 med, um du vil.» Daniel takka
og sette seg; sant aa segja skulde eit Glas 01 gjera godt
no. Haugum sende Sven Dufva av Stad etter eit Glas; so
førde han «Studiosus Braut» fram for den ukjende,
Kandidat Meier; tok so upp Traaden i Samtala att. — «Nei,»
sagde han til Meier, «det er nok ikkje det, som er
Meiningi. Endre Storr er ein Mann med baade god Vilje og
gode Tankar; men han trur at her er for lite økonomisk
Grunnlag for eit rett Aandsliv her i Lande; og so vil han
at Folk skal leggje seg etter det fyrst og fremst.» «Ja,
men det kallar eg Materialisme,» sagde Kandidat

98

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0100.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free