- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
99

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Meier, — «denne Trui paa, at det økonomiske er det
fyrste i Live.» Han tala seint og rolegt; Ordi kom, eit i
Senn, med Vegt og med Tyngd. Haugum tagna eit Grand,
men arbeidde seg upp att: «Ja; der er alltid noko i det,
men —; men det er vel ikkje sagt, at um ein held det
materielle for Grunnlage, — at ein difor held det
for det fyrste?» — Kandidat Meier lét ein høg Smil
lyse upp i sitt aalvorsame Andlit, som innringa av det
svære myrke Haare syntest ei Apostel-Aasyn; og han
sagde: «lat oss først søke Aanden og dens Liv, saa skal
alt annet lægges til for oss!» No forstod Daniel, at
Kandidat Meier var ein stor Mann, og daa han i det same
saag Sven Dufva koma ruslande med baade Glas og
Flaske, vart han modig; han dunka i Borde og sagde:
«det var eit sant Ord!»

Haugum stirde forundra paa Læreguten sin, som paa
denne Maaten sette upp; men han freista aa forsvara
Endre Storr endaa. Han fekk det ikkje rett til; Daniel
høyrde med løynleg Glede, at Haugum meir laag under
for Meiers sterke Tru og vegtige Ord. Men underleg
nok: Haugum gav seg ikkje.

Øle smaka svalande godt; Daniel kjende seg so frisk
og sterk. Han vilde nettupp til aa fortelja um Jens Rud
og hans Tale; men so tok Kandidat Meier til aa tala um
«Aandsmannen Hirsch». «Ja kor gjeng det med den
Greida?» spurde Haugum. «Aa; det gjeng med Hirsch
som med andre Aandsmennar i dette Lande; han vert
forfylgd av Aandløysa ovanfraa og av Faakunna
nedan-fraa; og daa han ikkje gjev seg, so er det berre eit
Spurs-maal um Tid, naar han vert nøydd til aa taka Avskil.»

«Ka ... Kapellan Hirsch ?» spurde Daniel med uppspilte
Augo. «Han er Kapellan enno, ja,» svara Meier. «Ja, men
... kva hev han gjort?» «Aa,» kasta Haugum inn, «han
er komin i Strid med Pietistane der uppe um den rette

99

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0101.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free