- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
108

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Haud til Artium, og det berre av di... i Grunnen av di
han hadde havt Robert Djevelen til Domsmann.

Han slengde Bøkane i femte Veggen og sparka etter
deim. So sette han seg trøytt og leid ned paa ein Stol
og seig burt i myrke Tankar.

Rett som han sat, trappa han i Golve. Han kunde ikkje
koma ifraa dette harmfulle Minne. So nære Laud. Og so
ikkje faa det. Hm. Her sat han. Var ferdug. Ferdug med
Eksamen. Var Student. Denne Dagen hadde han lengta
etter so lengi og so saart. No var Dagen komin. Men han
tenkte ikkje paa aa vera glad. Harm, arg, leid var han.

Han gjekk ut; ein fekk sjaa aa finne Folk. Finne
einkvar aa tala med. Men han fann ingin. Dei hadde vel
kvar nok med seg og sitt.

Ei tung Modløyse tok Guten. Han var so aaleine.
Kammeratar hadde han, men ingin Vén. Ikkje Berta
Maria dessmeir brydde seg um han; hadde ho det gjort,
so hadde ho ikkje vori so mykje ute um
Sundagskveldane. Han var Fatigmanns Son og hadde Fatigmanns
Lykke. Og naar det leid av ei Stund, so kanskje han
svalt ihel. Eller maatte paa Arbeid.

Han hadde skrivi til Jens i Larsebakken etter eit
Tilleggslaan paa 100 Dalar «for at kunne tage
Anden-Eksamen i en Fart»; og han hadde tydeleg vi3t, at det
vilde vera til Bate for Jens sjølv, dette. Men vilde den
Moldtrælen forstaa det?

Og han som hadde tenkt aa béle til Inga Holm, naar
han vart Student! Aa jau. Ein Student med Haud. Og
utan Pengar. Det skulde bli Friar, det! Daa kunde Hønsi
paa Klokkargarden gjerne kakle og gjera Narr av han.
Og daa var det vandt um gamle Klokkar Holm baud
han med seg til Middags.

Dei gamle hadde sagt, at Fatigdom var Synd. Det var

haud: godt. non: ikkje verst.

108

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0110.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free