Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
gamall Vrangpeis, som spurde um alle Slags Ting som
ikkje stod i Boki, og spurde paa slik ein underleg og
urimeleg Maate; og til Domsmann fekk han sin gamle
Historielærar fraa Latinskulen, Robert Djevelen. Dette
siste var det iser, som gjorde Guten fortumla. Robert
Djevelen var han rædd; og daa so Yvihøyraren gav seg
til aa vera vrang, kom Daniel reint utav det. Han svara
burti Hytt og Vér og stod stundom heilt fast; og Enden
vart, at han fekk 3, 3 istadenfor 1, 1; dermed var
Laud’en sprungin.
Han kunde ikkje forstaa slikt! Det var ei Rangvise
so yvi alle Maate! Vera so nære Laud, og so ikkje faa
det; og falle paa dei Fagi han kunde best! Kunde
Vaarherre tillata slikt? — Han stod lengi utanfor Døri;
venta halvt um halvt at Professoren skulde koma ut og
segja at det var eit Mistak; slikt kunde ikkje bera til;
vel hadde han gjort det mindre godt i Dag; men Censor
— Censor visste, at han kunde Historie; og Vaarherre
vilde hjelpe til; der var daa vel Rettvise i Verdi! Skulde
ein Mann lide Skade paa kanskje heile si Framtid, berre
ein gamall Surpose av ein Professor var i Ulag? Det
kunde ikkje bera til; det kunde ikkje!
Men Daniel fekk sjaa at det kunde. Yvihøyrar og
Domsmann kom ut — og gjekk sin Veg. Dei saag ikkje
paa han ein Gong. Dei syntest hava det beste Samvit.
Og Robert Djevelen gjekk og smiska for Professoren,
smiska og smilte seg blid, flikreblid ...
Daa koka det upp i Daniel eit etande Sinne, og han
sagde «Fanden» for fyrste Gong i si Tid.
Heimyvi rusla han; harma seg sjuk. Han skulde
havt Laud! Hadde det i Grunnen! men fekk det ikkje.
Hadde han berre ikkje vori so nære ved! Og hadde ikkje
Historie og Geografi vori hans beste Fag! At slikt
kunde hende! No skulde han gaa i heile sitt Liv og hava
107
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>