- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
110

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

og vart modig; det var deim som hadde klara seg
laakare enn han. Sidan rusla han aaleine ut-etter Vegen
og var ikkje verst i Lag. Det var likevel ein god Ting
aa vera ferdug. Og hadde det ikkje gjengi godt, so
kunde det ha gjengi verre, fekk han trøyste seg med.

Her ute var fritt og fagert. Augustlufti laag fin og
blaa yvi Eng og Skog, tindrande rein; det var so klaart,
at ein kunde skilja Tretoppane langt uppe mot
Himil-syni. Akersbygdi laag bleiknande og ven med sine
Aakrar og Kjelvur millom Lundar og linne Bakkedrag;
lengst nede glima Fjorden innunder Oskarshall, kvit i
den sterke Solglimen. Men Fjellgarden i Vest drog seg
i mjuke, fine Bylgjedrag gjenom den solklaare Lufti
som yndefull, kraftig Plastik.

Daniel saag at dette var vent; han hadde vori so lengi
fraa det. Og Lufti her ute var som Vin, ho gav sin
Mann Mod; — skulde han endaa vaage seg til aa sende
Friarbrev? Eller skulde han drygje til han hadde
Andre-Eksamen ?

Ein sann Student burde vera trulova. Og det var vondt
aa vera so aaleine i Verdi. Ingin var sæl, utan han aatte
eit trufast Hjarta som med kjærlege Tankar kunde
fylgje han i hans Strid. Berta Maria, stakkar, ho var snild
og god; men ho var berre Tenestgjente. Det var Ideale
ein maatte naa. Han kom sistpaa til Lags med seg sjølv
um, at dersom Jens i Larsebakken sende Pengar, so
vilde han frie; men elles fekk det vera til etter
Andre-Eksamen.

Han skulde til aa sige ned i sine Pengesorgir att, men
hugsa so at ein sann Student burde ikkje tenkje paa
Pengar. Det var poetiskt aa vera fatig; ein sann Student
skulde liva for Ideen og lata Kræmarar og Bøndar syte
for Mynt og Mat.

I det heile: han fekk hugse at han var Student! — og

110

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0112.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free