- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
126

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ettersom Tidi leid, fekk han slik ein forunderleg
Mathug. So maklegt som han livde, han var svoltin stødt.
Dette kom ille med for Sparingi hans.

Det vart verre og verre. Mat-Tankane vart so sterke
at han fekk ikkje Fred for deim. Han kunde lesa dei
gildaste Forteljingar um Kjærleiks Sorgir og Kjærleiks
Sæle, og so maatte han upp og rive i seg eit Stykke Mat.
Eller han kunde lesa um Riddarliv og Kjempeverk i heite
Draumar um salt Kjøt og Flesk og Erter paa «Dampen».
Og det glødde for Bringa av Svolt; han kjende Lukti
av Flesk og gule Erter so han mest gløymde Romanen.

Stundom stal han seg paa «Dampen» dei Dagane daa
han etter Rekningi skulde halde seg heime. Den sterke
strame Matlukti fraa Eimkjøken kom yvi han som ei
Forlokking; han luska avstad som Drikkaren til Sjappi,
endaa Samvite gnog og gnaala og minte tydeleg um at
han ikkje hadde Raad.

Naar han so naadde den sæle Gluggen, der Maten kom
langande ut igjenom som fraa eit Rikdoms Djup... og
naar han fekk det rjukande varme Fate millom Hendane,
so at no var det ikkje Draum lenger, men handfast
litande Sanning, — aa, han kasta seg yvi Maten som eit
Dyr, slog Kryl paa Ryggen som Hunden yvi ein stolen
Kjøtknok og ä>d.t) aat f sukka av Sæle; langa i seg
grundigt og metodiskt, so kvar einskild Bite kom til sin
Rett, gjorde reint Bord, og ynskte seg ein Svanehals,
so denne Gleda kunde vara lite lenger. Men naar han
vel kom heim, var han svoltin att.

Det var ikkje so poetiskt aa svelte som Daniel hadde
tenkt. Og det var med stigande Rædsle han saag, at
Pengane hans kvar Dag minka. For kvar Dalar som
gjekk var det som det losna eit Stykke av Grunnen
under han; og naar den siste Skillingen ein Dag maatte
springe... det vilde vera som aa glide ut i eit myrkt,
myrkt Djuv.

126

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0128.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free