Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
seg um etter noko aa tena Skillingar med, eller taka til
aa spara aalvorsamt.
Han valde Sparetanken. Ein fekk vera fri Student so
lengi ein kunde; og Hjelp kom det vel ein Gong, den
som berre heldt ut.
Lias maatte vel faa selja sitt Skjerp no snart; so vart
me berga alle. Og um det skulde knipe, so sagde det
seg sjølv, at det maatte vera snart gjort aa faa Arbeid
i ein so stor og rik By som Kristiania.
Det einaste han kunde spara paa no var Maten. Men
det var som det skulde vera. Filisteren livde so han
kunde eta; ein Student aat so han kunde liva; ein sann
Student og Idealist skulde liva paa smal Kost. Og
Dølen hadde livt sine beste Dagar naar han ikkje fekk
Middagsmat.
Dette vilde Daniel freiste. Tvo Dagar um Vika lét
han Middagen vera og livde paa «Heimemat». Og det
totte han gjekk godt i Grunnen.
Men Pengane minka og minka.
Ein fekk knipe inn ein Middag til. Det var ikkje onnor
Raad; dessutan var der det gode med aa halde Middag
heime, at det var so maklegt. —
Han vart meir og meir lat. Um Morgonen laag han
og las og røykte til langt paa Dag; og naar han kom
upp, so bar det i veg med same Arbeide.
Det var so hyggjelegt aa lesa um Kjærleik. Mest
alltid fann han ei Gjente som kunde vera Berta Maria,
og ei som kunde vera Inga Holm; og daa var det som
Draumane hans fekk Liv. Men Live sjølv vart ein Draum
som han gløymde.
Han tok til aa forstaa hin Guten som ynskte aa vera
Konge, og som daa vilde liggje paa Laaven all Dagen og
eta Rjomegraut. Den som hadde ein Roman attaat
Grauten, og so ei Pipe etterpaa, so kunde ikkje det vera verst!
125
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>