Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ei Vis; men nytt Krav kunde han vente naar som helst.
Aa, at ikkje Lias kunde skrive! —
— Jau; ein Dag skreiv Lias. Han skreiv, at han vilde
selja Garden og draga til Amerika. Han hadde no ei Tid
fari galin og havt Skjerpefeber og øydt upp Tid og
Pengar paa det verste Juks; no kunde han ikkje klara
seg lenger. Jens i Larsebakken eller Banken fekk taka
Garden, og ho Mor fekk vera hjaa Judit, som no skulde
gifte seg med ein Snikkar ned paa Nese; han sjølv vilde
fara med næste Baat.
Daniel sat og las dette, og det var som eit Berg av
Draumar ramla ned yvi han med Brak og Gov; no laag
han der. Kvar skulde han no av?
Aa, at ikkje Vaarherre kunde hjelpe. Han som aatte
heile Verdi; han, som var allmegtig... Kunde han ikkje
hjelpt Lias til aa finne noko Malm? Kunde han ikkje
med eit Ord ha skapt ein Malmgang i det Fjelle der
Lias hadde teki Skjerp ? Kunde han ikkje ... kunde han
ikkje skapa dette Breve um til Gull... eller gjera den
Lampa til Gull; eller Blekkhuse ...
«Den som ikke vil arbeide, skal heller ikke æde», stod
der. Men det var ikkje sant! Hundrad tusund glade
Gutar gjekk ikring i denne Verdi og gjorde ingin Ting,
anna enn Ugagn, og livde likevel, livde godt, livde høgt,
av di dei hadde ein rik Far, eller ein stor Arv; kvi skulde
ikkje ein annan vera likso nære til slikt som dei, tru?
Daa Daniel hadde tenkt seg trøytt paa dette og skyna
at han ingin Veg kom, drog han ein tung Sukk og sagde
til seg sjølv, at no fekk han freiste det siste.
I ein By som denne var der Arbeid nok. Det galdt
aa finne noko som ein kunde like.
Han tenkte etter. Men alt som kom for han var so
aandlaust; der var ingin Idealitet i det. Dessutan kunde
han det ikkje.
128
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>