Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Kva kunde han? Føre Bøkar? Nei. Vera Lærar i
Musik? Nei. I Matematik? Nei. I Latin eller Græsk?
Nei. I Tysk eller Fransk? Knapt nok. Inginting kunde
han, som her var brukande.
Og kven skulde han gaa til? Han kjende ingin. Ingin
som hadde Pengar eller Magt. Han fekk sjaa etter i
Bladi, um der skulde vera noko.
Nei. Inginting for honom. For Handelsfolk og
Tenest-gjentur var der nok av Arbeid aa faa; men for ein
Student som inginting kunde, var der inginting.
Daniel Braut vart rædd.
I si Naud gjekk han til Haugum. Han maatte tenkje
paa aa faa noko aa gjera sagde han, og spurde um ikkje
Haugum visste nokon som kunde hava Bruk for han.
Nei; Haugum visste ingin.
Det var svært vandt aa faa Arbeid naar ein ikkje var
kjend, forklara Haugum. Her var slik Tevling um kvar
Ting, hundrad Bikkjur um kvart minste Bein, so det
skulde Lykke til aa koma inn i noko. «Men gakk upp
til Bladstyraren av Bondevennen,» sagde Haugum;
«skulde nokon vita noko maatte det vera han.» — «Ja
men ... kann ein gaa til ein slik Mann ... og spyrja um
slikt?» «Ja, det kan ein daa vel! Bondevennen er ein
snild gamall Mann; berre gakk du.»
Daniel tok sine Kisteklæde paa seg og gjekk. Men
modig var han ikkje.
Han vart vist inn i eit stort langt Rom, der mange
Gutar sat kvar med sitt Bord og stelte med Avisur.
Süme lagde ihop; andre lagde i Umslag; andre skreiv
Utskriftir. Daniel vart tekin av ein djup Age; han tenkte
paa eit Ord han hadde lesi ein Stad, at Pressa var den
fjorde Statsmagt. Han strauk Luva av seg og helsa
burt-gjenom Rome; ingin svara. Dei gaadde ’n ikkje; Daniel
totte han vart so litin; det kunde visst ikkje nytte aa
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>