- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
135

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Josef blev til Ægypten solgt

og der i Fængsel sat med Vold

for sin Gudfrygtighed;

Men Gud hjalp ham til Herrenavn,

hans Venner til stor Ære og Gavn.

Gud havde Daniel ei forgjet,
der han blandt Løverne var nedsæt,
sin Engel sendte han did;
han hannem Mad da føre lod
ved Habakuk, sin Tjener god.»

Det galdt aa hava Tru; det sagde seg sjølv. Men han
trudde. Var det ikkje anna det stod paa, — han skulde
tru so fast som Fjell! Men som han tenkte dette, kjende
han innanfor Tanken Samvite, som vakna og stakk Nosi
fram og sagde: det lyg du.

Skulde det vera det, som var i Vegen? Vilde
Vaarherre gjenom Naud og Trengsle bøygje hans Hug og
drive han til Bot? Han var uroleg ved den Tanken.
Dagen etter gjekk han upp paa Universitete og vilde sjaa
betre etter um den Huslærarposten; det var kannhende
ikkje verdt aa krevja for mykje av Vaarherre heller.
Men daa han kom der upp, var Lysingi um
Huslærarposten burte.

Daniel rusla heim med bøygd Nakke og tunge Stig.
Men etterkvart som han gjekk tok Draumane til aa
vakne att. Naar Naudi var størst, var Hjelpi næst.
Kannhende ... naar han kom inn, so laag der eit Brev
til han paa Borde, eit Brev med ein Veksel, fraa ein
ukjend Ven, 100 Dalar, 200 Dalar, 500, 1000... Han
trudde det ikkje sjølv. Men daa han steig inn paa Rome
sitt, glytte han urolegt burt-aat Borde, um der skulde
vera noko endaa ... Ved Gud! der laag eit Brev. Skulde
det vera tenkjelegt? Skulde Vaarherre i sin uendelege
Naade ... Han reiv upp Breve med skjelvande Hendar.
Der stod:

135

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0137.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free