- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
136

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Hr. Student D. Sørbraut.

Kjære Søskendebarn!

Jeg har faaet saadan Lyst til at komme til Kristiania.
Jeg kan ikke trives her hjemme; thi Forholdene her er
saa bedrøvelig smaa, saa at jeg kan i Sandhed sige med
den store Digter B. Bjørnson: her er saa knugende,
tærende trangt, og mit Mod er saa ungt og rangt. Derfor
vil jeg nu bede Dig, som er Student og bekjendt der
inde, at du vil gjøre mig den store Tjeneste at skaffe
mig en Plads i Kristiania. Jeg kan ikke Spraag; men jeg
skriver en god Haandskrift og kan de fire Species og
Reguladetri med Brøk, samt Renteregning og
Decimalbrøk; og mine Fordringer er ikke store, naar jeg bare
kan leve der inde ...»

Daniel heiv Breve ifraa seg so langt han kunde. Han
var for hugtung og mødd; han kunde ikkje læ.

vm.

Ved Billetgluggen paa Dampen stod Daniel og fraus
og veksla sin siste Dalar. Han var blaa um Nebben og
tung i Hovude. Og av Tankar hadde han berre ein: at
ein fekk liva so lengi ein kunde.

Som han skulde ind i Matsalen kom Jens Rud. Han
var nærsynt og kjende ikkje Daniel med same; denne
vart bljug og vilde helst sleppe ifraa han. Men so helsa
Rud og spurde kor det stod til. Aa Takk.

Dei kom inn og til Bords; Rud tok i 01, og og Daniel
kom seg. Fraa Hirsch kunde Rud Helse; det var slutt
med Staake der uppe no, so lengi det kunde vara; Bisp
og Departement hadde fengi i Stand ei Semje; og den
stod vel ei Stund. Men Pietistane var ikkje aa lite paa.
Dei kunde tala søtt um Fred og Broderkjærleik; men dei

136

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0138.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free