- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
144

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

uppgjevin; Forsvararen berga seg inn i ei ny Stodu og
forsvara Presten i hans Sjælesyrgjargjerning; Fram vart
harm yvi dette Tankesprange og tala um logisk Fusk
og Raaskap i Tanken; det skaut seg som Gneistar or
Augo hans. Teologen fekk Studnad av Kammeraten sin,
som meinte at Sjæline vilde vera laakt tente med
«Folke-lærarar» som preika um Skindaude paa fyrste
Paaskedag; Fram meinte at det Sjæline trong um var
Upp-lysning, so at dei ikkje liksom Kong Saul skulde gaa
og tru at dei hadde vonde Aandir naar dei var
nerve-sjuke eller søkje Presten i Staden for Doktaren naar
dei var hypokondriske; den teologiske Sjælesyrgjaren
var ein Sjælefordervar! — «Ja; ein Sjælefordervar!»
dundra Kore av Røvarar.

Teologane treiv sine Luvur og gjekk! dette vart
altfor ugudelegt aa høyre paa. I Døri hadde det samla
seg ein Flokk Gjestir som stod og lydde paa Ordskifte;
den skildest no med Laatt og Smaadrøs, og Striden vart
tekin uppatt rundt alle Bord; men süme striddest um
Fram. Mange lika denne eldfulle urædde Karen, ikkje
minst naar han ruska i Prestane; andre var galne paa
den unge Folkeprofeten, som «vilde forstaa seg paa alle
Ting, endaa han knapt hadde Skjegg paa Hoka». —

— «Skaal!» sagde Jens Rud. «Dette, Fram, er Stud.
filos. Daniel Braut, Bonde og Bondeven, Republikanar,
Norsk-Norsk og alt det som godt er; hans Skaal!» Daniel
vart raud; han visste, at han kunde ikkje svara for so
store Ord; *«De gjer for mykje av det gode,» sagde han.
«For mykje?» skreik Røvarane; «av 01 og Radikalisme
vert det aldri for mykje.» «Kva Bygd er De ifraa?»
spurde Fram; Daniel svara paa det. «De hev godt Maal
der,» sagde Fram; Daniel glodde. Han hadde aldri visst
anna enn at Maale i hans Bygd var stygt. «Ja De er
naturlegvis Maalmann?» spurde ein Røvar; Daniel totte

144

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0146.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free